Sletthogging med Steinar Mølster

 

Dokumentasjonsprosjekt for Norsk handverksutvikling og Hordaland fylkeskommune

English Version.

 

Bilebruk på Nakka Nikon 115

 

Steinar Mølster Bur på Nakka, ein veglaus gard i Voss kommune. I samband med eit anna prosjekt på garden fekk vi sjå den gamle bila etter bestefaren til Steinar. Bila har eit skaft som er satt skeivt i forhold til eggen. Dette er ei type bile som ein ser rundt på gardane i Hordaland, det er ikkje ein vanleg form. Dei mest vanlege bilene har rett skaft. Forsøk med å få ei forklaring på desse skeive skafta har som oftast resultert i ganske merkeleg teoriar. Steinar hadde sett bestefaren bruka denne bila når han var ung, det var bakgrunnen for dette prosjektet. Vi ville prøva ut denne teknikken i praksis på bakgrunn av det Steinar hugsa. NHU ville stilla med middlar til timeutgifter og HFK ville kosta ei kopismiing av bila. Smeden Øystein Myre tok oppdraget med kopismiinga. Smiprosessen vart kopiert så langt det var mogleg og resultatet vart ei flott bile som etter utprøving kjennes veldig lik originalbila i bruk.

 

Bilebruk på Nakka Nikon 119

 

Deltakarene i prosjektet var Steinar Mølster som tradisjonsberar, Emil Thoresen Småland som lærling i tømrarfaget HFK og Trond Oalann som arbeidsleiar HFK. Vi byrja arbeidet med trefelling, tømmeret skal brukast til nye svilar* på eldhuset på garden. Vi felte med øks og stokksag og drog fram tømmer for hand med lekkjetunger.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Felling med stokksag: Steinar har lang erfaring med denne typen felling.

 

 

 

Bilebruk på Nakka Nikon 155

På veggen i stova på Nakka henger dette bildet som fetteren til Steinar malte litt før krigen. Bildet syner tunet, men og bukkene som Besten til Steinar brukte når han hogde stokkar til løa. (midt i forkant av bildet)

Steinar er her i gang med nye bukker.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Under: bilde av Sjur Bergstad og kona hans, Sjur Bergstad var Steinar Mølster sin bestefar.

Bilebruk på Nakka Nikon 163

 

Når bokkane var ferdig la vi opp ein stokk og snorslo den. Vi prøvde ut snora etter Sjur Bergstad, med kvitt kritt på dette kunne vi snorslå rett på barken slik som Sjur.

 

Sjur nytta eit større og hardare krit.

Bilebruk på Nakka Nikon 143

 

Første steg med sjølve tilverkinga av stokken er noko som vart kalla klamphogging eller laskhogging, i praksis deler ein opp den baken (hunen) ein skal øksa av i ca 30—40 cm lengder. Tidlegare vart dette utførd med øks, men Sjur hadde ei god bogesag som han nytta til dette, berre der stokken var tynnast hogde han laskar med øks. Sjur var aleine på dette arbeidet medan dei andre på garden hausta gras. Knut Øvstedal frå ei bygd på andre sida av Evangervatnet fekk sjå ein del på slik tilverking av stokkar når han var ung. I Øvstedal nytta dei bile med vanleg rett skjefting og dei sto overskrevs på stokken. Det interessante med arbeidsmåten Knut beskreiv var at dei var to mann i saman på stokken.

 

Her demonstrerer Steinar metoden som Sjur nytta med å hogga hakka med stokken horisontalt, og vi prøver ut å sage hakka.

Knut fortel om ein arbeidsprosess som var svært innarbeidd. Laskhogginga føregjekk med at to mann hogg kvar sin gong på same hakket, stokken sto då slik at hakket vart i lodd. Når dei hogde av laskane brukte dei ei kraftig bile og ei stor klubbe dei kalla husklubbe. Ein mann held bila på lasken og den andre slår på nakken til bila med klubba. Når laskane var hogne av på dette viset gjekk begge i gang og sletthogde stokken med kvar si bile. Ein mann starta i rota og ein på midten. Teknikken med å stå to mann og laskhogga veit vi vart nytta andre stader i Noreg men og elles i Europa.

 

 

 

Vi har nytta denne metoden som Knut synte oss, det er ein god arbeidsmåte. Å væra to saman på dette viset, resulterer i at ein kan arbeida ganske lett og variera arbeidsstillingen mykje. Men det er litt vanskeleg å få ordentleg dreis på denne tomanns-laskhogginga når stokken ligg så lavt, det er lett å hogga i bakken og ein får mest lyst å stå på kne for å sleppa å stå så kroket. Knut synte riktig nok ein teknikk der han kunne stå ganske oppreist med dette, men det krev ein stor del trening å beherska dette. Derimot var denne tomans laskhogginga ein svært effektiv og gunstig arbeidsmåte når ein har stokken i riktig høgde for å nytta den skeivskjefta bila etter Sjur Bergstad, vi prøvde ut dette litt. Med tanke på at dette er en svært utbredt måte å laskhogga på er det vell rimeleg å tru at dette og har vert ein nytta arbeidsmåte i samband med bruk av skeivskjefta bile.

Laskane gjekk ikkje til spille, dei vart nytta til ved. Vi stabla opp laskane i eit vedla saman med den største flisa. Det vart eit lite vedla berre av desse to små stokkane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Bilebruk på Nakka Nikon 061

Laskane skal hoggast av om lag ein halv tomme frå streken, til dette arbeidet nytta Sjur den same småbila som han nytta til sjølve laskhogginga.

 

Når vi starta med sjølve sletthogginga vart den skeivskjefta bila tatt i bruk. Det vart ei heilt anna oppleving en å bruka rettskjefta bile og lav stokk, her vart ein ståande med rak rygg. Og det føltes som ein kan arbeida i lang tid med denne teknikken utan å verta trøyt i ryggen. Ei ulempe er det antakeleg i forhold til at ein her står i større fare for å hogga seg i beina, det at eit eventuelt hogg kjem høgare opp på kroppen utgjer og ei ekstra fare. Ein skal ikkje overdriva denne faren, sjølve arbeidsmåten inviterer til rolege og kontrollerte rørsler. Det er viktig å finna seg ein rytme og arbeidsmåte som sparar på kroppen slik at ein kan arbeida jamt dag etter dag. Steinar meinar at det er viktig å holda armane inntil kroppen for å minska belastninga på skuldrene.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

 

Når ein kjem i motved med ei vanleg bila snur ein berre heile kroppen, dette er lett når ein står overskrevs, men denne skeive bila er slik at ein er tvungen til å stå på same sida heile tida. Dette var uproblematisk i forhold til mindre område med motved slik det var på desse stokkane. Det var berre å tilta skjefte ned i bakkant og hogga seg framover eit stykke slik som på bilde.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Korleis dette blir om ein får ein stokk med veldig snara ved i feil retning er eg usikker på , det må prøvast. Men det finst slike skeivskjefta bile med skaftet andre vegen, om dette er til venstrehente hoggarar eller om det og kan vera for venstrevridde stokkar er eg usikker på. Mest sannsynleg vil eg tru det går greitt med ei slik høgrehendt bile i dei aller fleste høve. Og at ein i spesielle høve då heller brukar rettskjefta bile og lav stokk. Dermed er det nok sannsynlegvis bile for venstrehente desse med skaftet andre vegen.

 

 

 

Rapporten til smeden

Undertegnede, smed Øystein Myhre, har på oppdrag fra Hordaland Fylkeskommune v/ Bygningsvernavdelinga og tømrer Trond Oalann, smidd en kopi av ei Hordabile. Originalbila har vært i smia mi og er velvillig utlånt fra privat eier.

Denne bila er smidd høyreskakk i skjefteretningen slik at eksisterende skaft på originalbila akkurat stryker på utsida av skjegget.

Sentrale mål på bila: høyde257, eggbredde 210, nakke 80×32, skafthull 60/52.

Etter gode undersøkelser valgte jeg å starte med øksenakken og skafthullet, smidd i ett stykke utifra ståldimensjonen 25×75.Stålet ble stuket til 90×35, deretter kløyvd og doret til originalt skafthull.

Under skafthullet essesveiset jeg på et stål med dimensjon 15x100x120, så ble mellomstykket smidd ut til 220 mm lengde, så fjernet 40×220 av bilas undre del.

Dernest smidde jeg en stålsatt underdel på 40x10x220, denne essesveiset jeg til øksas underdel, etter dette ble øksa smidd ut 5-10mm større enn originaldimensjon, pusset, stelt og filt.

Øksa er normalisert 2 ganger og herdet ved 800grader i varm rapsolje, dernest anløpt 2x 1time ved 240 grader

Slipt, brynt,prøveskjeftet, prøvehogd.

4 dagers arbeid i smia + undersøkelser, faglige diskusjoner,rapportskriving og bildedokumentasjon.

 

Øystein Myhre, smed, Myhresmia as, 27.august 2011

http://handverksinstituttet.no/Stipendiater/Smedens-blogg

Konklusjon:

Dei skeive bilene ein finn på ulike gardar i Hordaland er spesialverktøy til sletthogging av tømmer. Dei er i høgare grad spesialtilpassa til ei oppgåve en dei rettskjefta bilene som er meir fleksible i bruk. Dei skeive bilene med den høge stokkplasseringa fungerar svært godt i samband med tomans laskhogging eller nibbhogging som og er ei nemning for dette. Bruken av desse bilene er svert lik bruken av ei sakseslipt bile med skeiv skjefting. Spora ei slik skeivskjefta bile setter i stokken vært i stor grad lik spora etter ei rettskjefta bile med lav stokk. Det skulle derfor vera uproblematisk å nytta denne arbeidsmåten i samband med eksempelvis restaureringa på Bryggen i Bergen eller andre tilsvarande bygg. Dette gjer ei moglegheit for variering av arbeidsstilling, og kan dermed nyttast som eit HMS tiltak. Det bør då vurderast ei vernebukse med tjukt skinn eller liknande. Buksa trenger ikkje vera med jerninnlegg, to lag med tjukt seigt skinn vil antakeleg avgrensa skadane frå eit slikt ”lett” hogg frå ei bile. Sjølve arbeidsrytmen og arbeidsstillinga er viktigaste tiltaket for sikker hogging. Det er antakeleg sjølve laskhogginga som utgjør den største faren, då brukar ein ganske stor fart på øksa. Teknikken med å legga stokken slik at hakket vert horisontalt er antakeleg sikrast.

Klikk innpå den flotte bilesamlinga til Arne Høyland.

https://www.miljolare.no/aktiviteter/kulturminner/vart/resultater/?a_id=702001

 

 

 

 

 

 

 

 

3 kommentarer om “Sletthogging med Steinar Mølster

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s