Lars Olav Eilifsen.Litt om krefter i grindbygg.

 

Lars Olav Eilifsen er en grindbygger fra Vaksdal, han har arbeidet litt med å rekne på kreftene i grindbygg, han sendte meg ett håndskrive dokument på dette i posten. jeg synes det var såpass verdifullt at det måtte deles.  Med god hjelp fra en god venn til å skrive brøkene på en fornuftig måte i Word har jeg omsider klart å få dette inn på Strilamaksel. Håper det kan være til nytte for flere. Eventuelle skrivefeil er mine.

Mange takk Lars Olav for at du deler dette med oss.

 

Skjermbilde 16

Litt om krefter i stavbygg.

 

Me vil her sjå på horisontal kraft frå sperr.

Denne kraften må betahalsen ta opp som strekkrefter og betahovudet som skjærkrefter . Spaltefastleik og trykkfastleik, kjem og inn.

For å synligjøre tek me eit døme, Prestenaustet på Bruvik, eit stavbygg med helletak reist i 2015, høver til det.

Betar snidband og nagler er ask, øvrige materialer er furu.

Senteravstand stavlægjer og avstand mellom sperrehakk i desse er 4,5 m.

Lengde langs innretningslina på sperr:

Skjermbilde

Takvinkel vert då 37°.

Dette gjev:

L          =          2,88m

a          =          0,64m

H         =          1,69m

 

 

Taklast q

 

Permanent taklast    =          70kg/m2

Korttid, snø               =          160kg/ m2

Eigenvekt (permanent) til tak må regnas om til horisontalplan:

Skjermbilde 2

Snølast (variabel): Skjermbilde 3

 

Det må leggjast til ein tryggleiksfaktor, ein vanleg kombinasjon som gjer total taklast er:

Feilretting X variabel last.

Taklast Q vert då:

Skjermbilde 4

 

No finn me fram likninga for horisontalt trykk frå sperr:

enda en feilretting på AX

AX

Dette er horisontalt trykk mot stavlægja for kvar meter tak.

 

Om ein studerar likninga for Ax, ser ein at om a vert sett til L/2 vert Ax = 0.

 

Kva toler så beten?

 

No må me sjå i tabellar. Me nytta NS-EN med nasjonalt tillegg NA.

 

lastvarigheit og klimaklasse

I tabell NA. 901 klimaklasser vil ein finne klimaklasse 2 som høveleg.

Tabell NA. 22 syner døme på plassering i lastvarighetsklasser. Det er den faktoren til last med kortast varighet ein skal nytte om ein ser på fleire laster samstundes. Bygget står i fjæresteinene på Bruvik så ut i frå tabellen vel eg: snø og korttidslast.

 

I tabell 3.1 – verdier av K mod finn me:

lastvarigheitsklasse

Konstruksjonstre

Klimaklasse 2

Korttidslast 0,9

 

Ein tryggleiksfaktor må og velgjast, vanleg er:

 

1,15 for limtre

1,25 for konstruksjonsvirke

1,3 forbindelser bolter, dybler, spiker

 

Tabell 1. Strength classes, fastleiksklasse

fasthetsklassar

Her er beten av god grønask, som kjem under hardwood, som eit forsiktig estimat nyttar eg C24.

 

Kva toler så betahalsen?

2017 1 g

 

Skjermbilde 7

Tversnitt betahals

Skjermbilde 8

 

Kva toler så betahovudet?

2017 2

 

Skjermbilde 10

 

Arealet av betahovudet som tek opp skjærkrefter:

Areal betahove

Skjermbilde 11

 

Her kjem og inn spaltefastleik, evnen til å motstå kløyving. Det gjeld å få kraften nær beten smale betaøyro.

 

Stav

Stavane er furu av god kvalitet så me seier dei stettar C24.

Me vil sjå på tilleten spenning og trykkkraft mot betahovudet.

Nytta tabell: Treteknisk 86 Tabell 1. Anbefalte verdier.

 

tabell 1

2017 3

 

Skjermbilde 13

Skjermbilde 14

Skjermbilde 15

 

Er det grunn til redsla?

 

Horisontal kraft frå tak for 3m:

Horisontal kraft

Hals, hove,stav toler

 

 

 

 

 

 

Sjå gjerne lauvtrebruk.no

Mekaniske egenskaper. Verdiene gjelder for små feilfrie prøver.

Har du Trond skrive at det i tradisjonene vert nytta gjerne kvist i betahovudet?

Ja Lars Olav det er vanlig å sikte seg inn på ein kvistkrans i betahove om ein klarar det. Sjå bilete under, eit ekstremt tilfelle. Trond.

Neset (5)

 

For å seie som Bojer Godal, her må det vidare gransking til.

 

Dette må ikke nyttast til å beregne bygg!!!

 

Lars Olav Eilifsen                                                                larsolav.eilifsen@gmail.com

P.B. 82

5726 Vaksdal

 

Vaksdal 04.04.2016

Grindbygging etter tradisjon i Hordaland

Grindbygging

IL 43

Tradisjon

Arbeidsmåtane vart tradisjonelt overførde frå mann til mann og mellom generasjonar gjennom felles arbeid. Språket blir fattig som formidlar av handlingsboren kunnskap. Mange handgrep og lure triks blir for omstendelege til å ta med i ein tekst. Ein elles erfaren handverkar vil vonleg kunne byggje eit grindbygg gjennom å lesa dette. Arbeidsgangen og alle knepa som høyrer med, finn du lettare ved felles arbeid med erfarne grindbyggarar.
Dei ulike beresystema våre har eigne særleg tilpassa arbeidsmåtar. Arbeidsmåtane er kjenneteikna ved ei spesiell rekkjefølgje i arbeidsgangen. Vi har fått overlevert svært godt innarbeidde mønster, mønster som går i ei samanhengande rekke frå tidlegare generasjonar. Arbeidsmåtane for grindbygging er hovudsakleg dokumentert i Hordaland; eg vil tru dei i grove trekk var nokså felles for byggemåten. Språket som er knytt til dette, er ein viktig del av samanhengen.
Arne Berg (Berg 1984) og Olav Tveiten (informant for Arne Berg) var sentrale personar som tok tak i dei gamle arbeidsmåtane og sikra dei for seinare generasjonar saman med språket som høyrde til. Ein film som blei tatt opp på Osterøy, Stavbinding og brakekledning, var ei viktig årsak til at grindbygginga vart teken opp att. Ei kulturgeografisk registrering på Vestlandet på slutten av 1930-åra (Kloster m fl 1943 heretter KRV) er eit materiale som eg støttar meg til i denne artikkelen, i tillegg til kontakt med nokre tradisjonsberarar. Rune Revheim (f. 1942), byggmeister frå Osterøy, har i seinare tid vore ein viktig formidlar av grindbygging.
Forsvann arbeidsmåtane i takt med bila?
Om ein bygger grindbygga av saga material i faste dimensjonar, blir det enklare å rekne ut samanføyingar på førehand. Mykje av arbeidet med tilpassing kan då gjerast enkelt etter mål. Det kan tenkjast at dei gamle arbeidsmåtane og oppmerkingssystema forsvann med overgangen til saga material, sjølv om byggemåten vart brukt endå ei tid.

 IL 50

Grindbygginga har eit stor utbreiingsområde. Ordbruk, namn på delar og arbeid varierer ein del, men mykje er felles. Meir omfattande gjennomgang av nemningsbruken er gjort under omtala av dei ulike systema. Her er nokre døme:
  • Ein bete som er fastbunden til to stavar med snedband, heiter eit stavepar (KRV, Masfjorden).
  • Andre nemningar for det same er grind og reise (KRV, Nessa i Nedstrand).
  • Grinda kan vera reisverket utan sperrer (KRV, Masfjorden)
  • Heile reisverket heiter løegrind i Romsdalen.
    • Til grinda høyrde stavar, betar, stavlægja og sperre (Olav Tveiten)
    • Rommet mellom grindene har namn som golv, rom og brøt.
  • Haldor O. Opedal (Opedal) skriv: Tverrgrindane var smale, so sperret kom te kvila med midtluten på stavlægjone. Under sperrendane reiste dei langgrindar. Hakket i stavlægja kan heite sperreskåre og refsingahogg. Hakket i sperra kan heite sperrehakk og sperrehogg.Språket er ein sjølvstendig del av den bygningskulturen som vi tek vare på. Vi lyt ta vare både på bygga og det språket som høyrer til. (Hermt etter Jon Godal i samtale) 

 

  • For ikkje å forvirre vil eg her bruke nemningane eg er vand med i Nordhordland. Men eg vil oppfordre lesaren om å bruke lokale variantar.
  • Det som vi i den skriftlege samanhengen helst vil kalle 3/5 røsting, kan heite femtaraust og nevrarøys. At det heiter nevrarøys, er interessant. Det fortel oss at det var nevra ein tenkte mest på når det galdt takfallet, og at det som i andre område kallast treungsrøst (34o), har vore vanlegaste takfallet med never og torv som tekking. Om det vart bygd for helletak, var det oftast brattare reising.
  •  

Om material til grindbygg

Arbeidet med eit grindbygg startar i skogen. Det vart normalt bygd av material frå staden. Det har vorte nytta mange ulike treslag, spesielt mindre bygg og bygg i trefattige strøk syner stor variasjon i val av virke. I tillegg til furu finn vi bjørk, or (older), osp og selje. I delar av Nordhordland var mørkolder (svartor) mykje bruka til bygningsvirke. Mørkolderen tolde det store beitepresset. Kledningen til desse bygga var brakekledning, oftast med dropeheller nedst og helletekking (røystak). Særleg utløer og liknande vart bygde utelukkande av stein, brake og older. Dette syner korleis materialane som var til rådvelde, påverka løysingar og byggjetradisjonar.

16 5 13 027

Bilde: Løe, Havrå Hordaland

Sjølv om variasjonane er store, vil eg peike på nokre hovudtrekk.
  • Gamle, store bygg har oftast gjævare material og nøgnare arbeid. I ein del eldre løer finn vi store stavar av god furu med avfasa kantar Desse er gjerne frå 1600- talet.

Befaring med Jon. 15.5.2010 068

Bilde: grindverk fra 1651 Lindås Hordaland.
  • Småe bygningar og skogfattige strøk har ofte fleire ulike treslag og godt utnytta materialar, her finn ein mange kreative løysingar.

 

Kornelius Minne 001

Bilde: Torvhus på Tausamyrane i Arna.
  • I dei indre bygdene er det oftast nytta meir furu, og bygga har grovare og betre material.
  • Materialen er hoggen etter dimensjon, mykje vasskant.For å styrkerekne eit grindbygg er det mange omsyn som må takast. Breidda på bygningen er det viktigaste einskildkriteriet. Om breidda går opp, aukar påkjenningane mykje. På breie bygg er det viktig å senke avstanden mellom grindene (golvlengda). Taktyngda og takfall er òg avgjerande, både med omsyn til styrken i konstruksjonen, og særleg med tanke på vindlaster. Det trengs tunge tak og bratt røsting om det skal tola sterk vind. Eldre bygningar kan vera ei god rettesnor for kva som fungerer i området og kva som ikkje gjer det.Erfaring og kunnskap vil etter kvart gjera oss i stand til å vurdere kva som passar i kvart enkelt tilfelle. Hugs at vankant gjev sterke materialar og ein eigen karakter på bygget.
  • Betane skal først og fremst tole strekk. Særskilte omsyn er tekne for å få sterkt betahove; veden ned mot rota er sterk. Det har òg vorte nytta kvist og greinkløft i betahovudet. Når det ikkje skal vera golv oppå betane, er det ofte brukt langkrok. I naust mellom anna vart det nytta ein stokk med krok for å få høgd til båtstamnen. Vi finn mange døme på at betane er øksa ned i same dimensjon som betahalsen. Då sette dei av ved til betahovud i kvar ende: slike betar er smekre og fine å sjå til.
  • Stavlægja på små bygg er ofte gjorde av overraskande krokut vyrke. På større bygg treng ein beinvakse vyrke og helst med lita avsmalning. Stavlægjene er ofte to halvkløyvingar av same treet, særleg gjeld dette nord i området.I Hardanger, der ein har spesielt tunge helletak, ser det ut til at sperra er noko større enn elles i området. Der er det ikkje uvanleg at sperra ligg med rotendane opp dersom det er sval på bygga; truleg er dette gjort fordi spennet her blir lengst oppe og kortare nede i svala. Ofte er sperra flatøksa på tre kantar, då slik at dei er nærmast runde i toppen. I mindre bygningar er sperra ofte berre rydd på oppsida. I dei nyaste bygga med saga material kan dei vera saga på fire sider.  Dei myndigaste stavane i hjørna, sa Knut Øvstedal (1933), tradisjonsberar frå Bolstad, Voss kommune.
Sperrer i dei mindre bygga er ofte krokute og av ymse slag vyrke, ofte svingar dei mykje sidevegs. Større bygningar har som hovudregel furu til sperreved og til vanleg er dei av spesielt utvalt vyrke. Det er då snakk om tre som har stått i tette bestand. Dei har lite kvist på stamma og dei er særskilt tettvaksne. Oftast er sperra ikkje større enn 4-5″  i toppen.
  • Snedbanda varierer sterkt i utforming innanfor grindbyggingsområda. Den nordlegaste delen av området peikar seg ut med lange doble band med rotkrok. I Hordaland har vi oftast rette korte band, men òg variantar med ein boge som vender ned.
  • Til stavane er storleiken viktigaste krav; især trengs det god, sterk ved i stavøyra. For å få nok ved til fellingane og sterk ved i stavøyra er stavane oftast snudde med rota opp. Ofte finn vi stavar som er runde nede og firkanthogne oppe. I dei eldste og største løene finn vi fint arbeidde, grove stavar med rotenden ned. Unntaksvis ser vi sultre (greinkløfta tre) brukt som stav med greinkløfta som grøype (sjå ordlista) for beten.
  • Vi har ikkje overlevert reglar for dimensjonen på tømmeret i høve breidda på huset. Det vi har sett, tyder på at tømmeret til bete og stavlægje gjerne kan vera noko i retning av tommen på alna, ti tommar tjukn i ti alnar breidt hus (6 m). Vi lyt likevel gjera atterhald for tilpassing til takfall, tekking og lokalt klima. Ti tommar tjukn passar då best på stavlægja før ho blir saga/hoggen.
  • Det første vi gjer på byggeplassen, er å vurdere og sortere materialene.

 Før sjølve bygginga byrjar, er det nyttig å ta ein gjennomgang av materialen. Vi sorterer betar, stavar osb. og avgjer plasseringa i bygget. Sjå til at alt nødvendig vyrke er på plass. Det er viktig at materialen i bygget får ei god og symmetrisk plassering. Kapp riktige lengder med litt overmål og plasser materialane så dei ligg klare for arbeidet som no byrjar.
  • Tidlegare vart oftast stavbindinga utførd i tufta. I andre tilfelle er det best å gjera dette arbeidet på ei flate i nærleiken. Sperrene vart oftast nytta som underlag for samanbindinga av bygget. Vi legg dei på tvers av husretninga, og i full breidd, slik at vi får eit nokså plant underlag. Det er ikkje nødvendig å ha det vassrett, men det forenklar oppmerkinga noko.

IL 3

Illustrasjonen viser utlegginga av stavlegje og stavar med sperra som undererlag.
Stavlægjene skal no leggjast langsmed midten av tomta og skøytast om det trengs. Vanlege skøytar på stavlægja er bladskøyt, skrå bladskøyt (det same som skaring), hakeskøyt (det same som hakeblad) og skrå hakeskøyt (det same som hakeskøyt). Bladskøytane er nytta både liggande og ståande. Låseskøyt er òg nytta i nokre sjeldne høve. Dersom det er låseskøyt, er det vanleg med ein variant utan hake og med loddrett nagle på midten (sjå fig.).
Plasseringa av skøyten er viktig. Vanlegvis er han plassert rett ved sida av staven eller oppå denne. Om det knip, kan skøyten dragast ut mot et snedband. Stavlægja tek opp eit stort press frå sperrene, presset verkar på ein måte som vil vri stavlægja rundt. Spesielt stor blir denne krafta på låge og tunge tak. Dette lyt vi ta omsyn til med skøytane. Dei lyt sikrast med kraftige spikrar eller naglar. Skøyten kan ikkje festast permanent endå. Førebels berre borar vi for spikrar eller naglar.

 

Stavlægjene skal no liggje langs midten, med dei sidene som skal bli oppsida, mot ein annan, og med dei som blir utsida, opp. Vi rettar dei inn så dei ligg beint og stødig i begge plan. Når dette er gjort, skal dei festast mellombels. Vi klossar mellom dei slik at dei ligg stødig og med jamn avstand. Vi kappar stavlægja. Eventuelle utstikk i gavlane må då takast med. Utstikket er lite. Ofte går stavlægja berre sperrebreidda utom staven. Vi tilpassar då eit nagleband på beten, slik at kledningen kan spikrast direkte på sperra. På denne måten vert det ikkje utstikk i det heile på gavlane; vindskiene blir spikra direkte på kledningen. Om du skal byggje, sjå gjerne etter dei lokale skikkane der du held til.

IL 013

Illustrasjonen  syner stavlegja med sperrehakk som stikk ut over grinda.
  • Når stavlægjene er på plass, skal stavane inn i tufta. Vi tenkjer oss veggene liggjande, klare til å bli reiste opp.
Vi høgg grøype for beten i stavane før vi legg dei på plass. Men ikkje i full djupne endå, berre slik at vi har rikeleg for lengda på stavøyra. Det blir nytta ein skant (vestlandsnemning for mal) til oppmerkinga for grøypene i staven.

IL 4

Illustrasjonen syner merking av grøype (utorhakket for beten i staven) vi ser og merke for melombels djupne og anntatt ferdig djupne.
Stavane må no liggje som dei skal vera når bygget er ferdig. Dei må liggje i vinkel til stavlægja, og eventuelt spenn (dvs. kor mykje stavane skal skreva / vera ute av lodd i lengderetningen av huset) må målast ut. Ein stor vinkel av 1 x 4” bord er nyttig for å vinkle stavane.

Spennet kan målast på fleire måtar. Før vart det bruka ei snor til å måle spennet. Dei drog då snora frå nedre enden av staven, tvers over tufta til nedre enden av tilstøytande stav. Ved å måle avstanden til snora ved øvre enden på stavane og løfte dei nedre endane av stavane kan vi rekne oss til og justere spennet. Det er då viktig å kontrollere at spennet er om lag det same på begge stavane.

 

IL 6

IL 5

Illustrasjonen syner måling av spenn.
  • Om arbeidsplassen er om lag vassrett, er vater og rettholt nyttig til å måle spennet. Kor vidt stavane har spenn, eller kor stort dette er, varierer ein heil del. I Nordhordland blir det sagt at på ei løe skal spennet svara til størrelsen på betahovudet, om lag 5”–6”. Ofte blir dette mykje. I Masfjorden vart det ifølgje Kloster mfl (1943) sagt at eit par tommar var høveleg: Dei sa det om eit hus som var vidare uppe enn nede, at det stod og fraus. Spennet varierer med tid og stad. Det kan vera grunn til å sjå på bygningar i eige nærområde.

 

 

  •  Når alt ligg på plass, kan ein merka opp fellinga i staven for stavlægja, djupna variere ein heil del. Å fjerna om lag ⅓ er høveleg. Uttakinga blir ofte merkt med ein skant.I stavlægja tek ein ut for stavøyra, om lag 1” til 1 ½” djupne. Dersom det er vankant på undersida av stavlægja, blir ho no felt ned på staven for å få bereflate.

IL 7

Merking av felling mellom stav og stavlegje med skant.

 

IL 17

Ferdig felling mellom stav/stavlegje.
  • Legg alt på plass att, og kontroller vinkel og spenn. Vi festar alt godt med haldhakar og sprøysebord. Slurv med fastgjeringa her fører til at samanføyingane går frå kvarandre når ein tilpassar og bankar i snedbanda. To snedband på kvar stav, eit på langs og eit på tvers, er vanleg. På langsida er det vanleg med eitt eller fleire opne rom utan band. På eit bygg med fire grinder, slik det er vanleg i mange løer, er det eit ope rom på midten.

IL 9

 

IL 05

Merking av snedband med skant.
  •  No merkjer vi og feller snedbanda mellom stavar og stavlægjer. Banda kjem altså på utsida. Ofte ser det ut til at fellingane på snedbanda er delte, slik at ein tek ein tredel av tjukna på bandet ned i stav/stavlægje og ein tredel av i bandet. ⅓ av bandtjukna vil då liggje utanfor stav og stavlægje. Snedbandet vil, avhengig av storleiken på stavøyra, liggje på skrå i forhold til planet på stav/stavlægje. Vi løyser problemet med ei skrå felling i bandet og ei flat felling i stav og stavlægje. Då er det greitt å merkje opp med ein skant.
  • Det finst mange variantar av utforming og fellingar; vi har felling med draghakk og spord (svalehale), i tillegg til vanlig rett innfelling, som er den mest brukte.
Ulike innfellingar av snedband.
  • Nord for Stad er det vanleg at eitt eller fleire band ligg på innsida. Dette lyt løysast anten ved mellombels sprøysing (skording) eller ved at halvparten av banda kjem på utsida og resten kjem på innsida etter at bygget er reist. Undersøk den lokale tradisjonen.

 

  • Når snedbanda er på plass, borar vi for naglar og merkjer alle delane. Merkjesystema varierer mykje frå stad til stad. Merkjer du grindene med 1, 2, 3 osv. og i tillegg ein himmelretning for kvar langside, har du god kontroll på delane. Skal det spikarslag (nagleband) for kledning, må dei fellast inn og merkjast no. Før demontering er det òg lurt å merkje for plasseringa av sperrene. Dei ligg gjerne med to gamle alen mellomrom (110 cm). Inndelinga må justerast slik at det blir ei sperre i kvar ende, og elles blir det fordelt så dei ikkje treffer stav eller snedband.
  • Vi legg deretter snedband og stavlægje utom tufta, nær der dei skal plasserast i bygget. Då er dei enkle å taka att.
    IL 010 Langveggane er ferdig og klar for merking og demontering.

 

  • Grindene

No skal vi til med grindene. Vi snur stavane i lengderetninga og legg dei utmed kanten av tufta, klar for felling av betar. Er det store grinder, lagar vi dei der dei skal reisast. Det må takast omsyn til kva side som skal ha snedband. Denne sida må liggja opp. Om grindene er små, slik at dei er lette å handtere, kan vi byggje dei oppå kvarandre. Det viktige målepunktet er avstanden mellom stavøyra. Det skal vera det same på alle grindene. For å koma til med merking av stavar og betar må det leggjast ut slik det skal bli. Vi legg stavane først og deretter beten oppå og i rett posisjon.

IL 011

Illustrasjon: vi legger ut stavene med betene oppå for merking.
Om det er nok ved til det i beten, blir denne trekt opp slik at den får eit hakk i seg for stavlægja. Hakket skal låse stavlægja så ho ikkje vrir seg av presset frå sperrene. Der det ikkje er ved nok i beten, blir det nytta bråtastykke. I Hardanger og delar av Nordhordland vert det i staden nytta ein toll, ein stor plugg som låser stavlægja. Mellom tollen og stavlægja kan det strammast med kile. I nokre høve vart det heller hogge eit hakk for tollen i stavlægja. Ein annan variant er ein kort stokk festa oppå beten som eit bråtastykke, berre at han grip over stavlægja (Sunnmøre)
Illustrasjon: ulike måter å låse stavlegja mot beten.
Om det skal vera spenn på stavane på tvers av bygget, måler vi ut det no. Når alt ligg riktig, kan vi overføre mål frå stav til bete, og frå bete til stav. Loddstokken høver godt til dette. Vi skal merkje for djupna på grøypene i staven, lengda på betahalsane, og for betahovuda.

IL 016

Illustrasjon: Merking av felling mellom bete og stav.
Om beten har vankant under, høgg vi til skarpkant der han skal liggje mot staven. Om beten har ein boge, kan det gjerast slik: Vi finn kryssingspunktet mellom bete og stavlægja, i begge endar og i den høgda der stavøyra byrjar. Snorslå mellom punkta! Dette blir ei innrettingsline som skal liggje omlag i vater når bygget står ferdig. Storvinkelen blir nytta til å måle ut spennet på stavane frå denne linja, eller direkte frå overkant om dei er beine.

Skanten som vart nytta då vi merkte for grøypa i staven, kjem no fram att, denne blir nytta til oppmerking av betahalsen. Betahalsen skal ikkje vera trong i staven; då blir det tungt å få i hop, store flater og mykje friksjon.
No kan fellingane gjerast ferdige. Grinda blir sett saman og spennet på stavane justert. Beten kan festast til staven med ein stor nagle. Det er om å gjera å passe på at denne naglen ikkje råkar mergen i staven. I eldre bygg kan vi sjå at naglen nokre gonger har ført til at staven er kløyvd i øvre delen og dermed har svekt stavøyra. Det må sprøysast slik at stavane ligg roleg når vi feller og fester snedbanda som no blir sette fast for godt.

Neste punkt er hakket for stavlægja i beten, eventuelt bråtastykke eller toll. Om arbeidet er gjort i tufta, kan grindene reisast direkte når alle er ferdige. Dersom arbeidet er gjort utom tufta, er det viktig å merkje alt før demontering og flytting. Før vi reiser grindene i gavlveggane kan det og vera lurt å felle inn eventuelle saumdrigler (spikarslag).

Takfallet på grindbygga varierer med tekkinga. Det vanlegaste var nevrareis (reis for never og torv). Då er sperra 3/5 av husbredda. (Det svarar til 34°.) I tilegg finn vi reisinga 2/3 (41°) og 5/8 (37°), som ser ut til å vera det mest brukte takfallet til helletekking og teglstein. Brøkane viser til forholdet mellom senteravstanden på stavlægja og lengda på sperra mellom møne og sperrehogg.
Fleire kjelder syner ein måte der dei reknar tommar sperrelengd per alen husbreidd. ”Dei gamle rekna 15” på alni.” (Kloster m fl 1943 (KRV))  (15/24 = 5/8 som svarar til den mykje brukte 37°.)

Ein variant, som mellom anna vart nytta til utløer, er slik: Legg øksa på ei sperre og løft henne i enden til øksa tek til å skli. Det skal verta høveleg vinkel for never og torv (Lars Brekke, Granvin, pers.info.). Avstanden mellom sperrene varierer frå 80 til 120 cm, tilsynelatande med 110 cm som ei norm det blir variert frå. Vi må gjera ei samla vurdering. Mellom anna vil breidda på huset, styrken på sperrene vekt, på taktekking, tjukn på tro og sutak verke inn på kor langt vi let det vera mellom sperrene.

Vi brukar ei grind, eit stavepar, når vi merkjer sperremalen. Måla vi treng, er på grinda. Ved å måle mellom stavøyrene kan vi enkelt rekne oss til senteravstanden mellom stavlægjene. Tidlegare vart det nytta ei snor til å måle avstanden mellom stavlægjene. Med snora kunne husbreidda setjast av på eit bord, og dei kunne nytte snora til å rekne ut sperrelengda. ”En tok en snor av lengde som husets bredde, la den 5-dobbelt, 3 deler av den var sperrelengden” (Vreim, 1940).

IL 019

Illustrasjon: det er praktisk å legge ut sperre malen for merking på grinda.
Ved hjelp av tre bord lagar vi ein trekant, slik at vi får mal for sperre med sperrehakk, og mal for sperreskåre (hakket for sperra i stavlægja).

 

IL 020

Illustrasjon: Detalj av malbord for sperr og sperrehakk.
Den delen av sperra som er utom veggen (sperreskjegget), varierer mykje i eldre bygg. Skal det vera sval, blir det langt frå sperreskåre til sperreende. Ein brakekledning vert fort 8” tjukk. Skal opplengjer eller saumdrigler leggjast utanpå eller mellom stavane? Det er mange vurderingar som må gjerast før vi avgjer forma og lengda på sperra utom veggen.
Når vi brukar malbord for sperra, er ryggen alltid utgangspunktet. Normalt har sperrene vankant under, og dei vert dermed ulike på høgda. Alle mål er difor i forhold til ryggen, der sperrene må vera jamhøge når dei er monterte. Vi legg sperra på to bukkar med ryggen ned og malbordet ved sida av. Då kan vi merkje sperrehakk og samanfelling i mønet direkte over på sperra.
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Illustrasjon: vi ser sperret med malbordet på sida og merking med tømmermansvinkel.
I mønet vart det til vanleg nytta klauv og tapp, desse skal snuast annakvar i bygget. Når sperrene har vankant under, må dei anten tilpassast eitt og eitt sperrepar i mønet, eller vi kan hogge alle ned til ein fast dimensjon der dei møtest i mønet. Då kan dei nyttast om einannan. Merk for dette på malbordet.

IL 021

Det er ikkje vanleg å feste sperrene saman i toppen eller å feste dei i stavlægja på grindbygg. Tung taktekking var ein del av heilskapen.
Sperreskåre
Hakket i stavlægja for sperra vert kalla sperreskåre eller refsingahogg. Det er fleire variantar av utforming.
Illustrasjon: ulike former for sperreskåre.
Storleiken på bygget, og dimed storleiken på stavlægja, er med på å avgjera utforminga av sperreskåra. Ein enkel variant som høver på små bygg, kan fort svekkje stavlægja for mykje på store.
Kritsnora fungerer bra til å merkje for sperreskårene. Sett ein strek for kvart ytterpunkt i hogget.

 

SONY DSC
SONY DSC

Bilde: stavlegjene med merking for sperreskåre.
Reising
Vi tek med eit sitat frå Suldal (Kloster mfl KRV 1943):
”Dei bruka ein lang, tynn stokk dei kalla kolv. Denne hadde eit hòl tvers gjennom i den eine enden, og i dette holet var der smett eit tau som so var snurra om slindra. I fyrstningi lyfta dei og skauv etter i kolven, og for kvar gong dei skulde skifta tak, måtte kolven setjast godt nedi; då var det gjerne berre den som heldt (reisa). Hadde dei fyrst fått reisverket på hell, gjekk dei fleste yver på andre sida og drog i tau som var festa til slindra. Men heile tidi skauv folk etter i kolven (el. kolvane) og passa godt på at dei fekk feste i marki – om det skulde trengast.”

Og frå Nessa i Nedstrand:
”Ein laga fyrst ei reise (grind) og so la ein dei andre reisone uppå etter kvart og mælte etter dei. Ei reise = stavar med slinder (bete) og krossband.
Vanleg ”skuer” ein dei upp og ”skorer” dei upp når dei står. Men er dei svært store bruker ein ”tau” og ”tolp”. Ein stiva dei upp med ”jokker”.
Stavane stod på ”handsteinor”. Ein sette eit tau i eit hakk nede på staven og feste det i ein hake for at dei ikkje skulde skride av handsteinen. Ein bruka og ei ”skora” til å stemma staven upp med. Når reisone var sett upp, sleit ein upp stavleione. Fekk fyrst upp rota med tau utanpå reisa. Stavleione var òg øksa til på førehand. So ”bikka” ein og ”retta” og sette på skråband frå stav til stav.”

I Nordhordland vart òg desse stokkane til å reise grinda med brukte. Der heiter dei hempingasteng. Stonga var kjend og bruka over alt der det var spørsmål om å reisa store reisverk, men dokumentasjonen av dette er meir fragmatisk
Frå Sunnfjord til Romsdalen finn vi ofte nokre spesielle hòl på toppen av betane. Desse hòla er bora på skrå i den øvre kanten av beten, slik at dei kjem ut midt oppå beten. Oftast er dei eit hòl i kvar ende av beten. Nokre gonger eit på midten i tillegg. Kan dei vera spor etter ein annan reisingsmåte? Nokre av hòla har restar etter ei vidje.

Når grindene er oppe, vert stavlægjene lagde på plass. Stavlægjene kan dragast opp direkte med tau, eller det kan setjast opp sleipar/stokkar frå bakken og opp mellom stavøyra. Når stavlægjene er på plass, kan alle snedbanda setjast i. Ofte må det justerast litt både på høgde og anna for å få banda på plass i fellingane. Når alle snedbanda er feste, tek vi siste finjustering av bygget. Vi må sjå over kryssmål, vindskeive, høgder osb. Vanlegvis må vi løfte på stavane og justere med ulike haldsteinar. Tidlegare brukte dei då ein haldhake som dei slo i for å bruka spett på eller dei bora eit hòl som dei bruka vågmat og spett på. Desse hòla finn vi ofte på eldre bygg.

 

For at det ikkje skal stå vatn på haldsteinane, skal desse vera mindre enn tverrsnittet på staven og ha ei form som gjer at vatnet renn av. Om bygget står i ei hallande tuft, får stavane ulik lengde. Då er det lettast å reise i unnabakke.

Nagling

Til å feste saman delane i grindbygg vart det brukt trenaglar. Hòla for naglane vart bora heilt gjennom; tidligare vart husnavaren nytta til dette. Storleiken og utforminga på naglane varierer ein del. Ofte ser vi forseggjorde naglar med fine hovud. Vi  har inntrykk av at det har gått mange vinterkveldar til å spikke naglar, og at det vart lagd flid i dette arbeidet. Naglane vart laga av mange treslag: bjørk, svartor, ask, eik, einer og furu. Bjørk og svartor især er svake for mott. Ask er bra, men hard å arbeide i, og ikkje så varig som eik. Einer og furu er mjukare, furunaglar må vera al om dei skal vare. Eineremna må finnast nær ferdig dimensjon; det skal vera merg i ein eineplugg, elles vert han for sprø. På naglane synest det kva handverkaren står for.

Eksempelsamling, gammalt og nytt.

Grindbygging etter Sjur Nesheim.

Praktisk grindbygging etter Sjur Nesheim.
Dokumentasjonsprosjekt Hordaland Fylkeskommune 2012. Bilda er tatt av Einar Strand og Trond Oalann.
Sjur Nesheim født 1936 er frå ei gamal handverkarslekt på Nesheim i Granvin. Vi skal sjå litt på korleis dei bygde grindbygg i 1947 når tradisjonane framleis var levande men saga material med god presisjon var lett tilgjengeleg. I Granvin og mogleg også i større delar av Hardanger var det litt andre løysingar som var vanlege i samkomme mellom bete og stav. Slike små variasjonar vil ein kunne sjå gjennom heile grindverksområdet. Mitt inntrykk er at grindbygga var meir einsarta tilbake på 15 – 1600 åra og at lokale skikkar har utvikla seg med tida. Når ein har tilgang på saga material med ganske god presisjon og målfasthet kan ein arbeida på andre måtar en tidlegare, det opnar seg ein moglegheit for å arbeida meir etter mål og berekningar en tidlegare når nesten all merking vart gjort ved hjelp av parallellforskyving. Denne endringa galt ikkje berre innanfor grindbygginga men innanfor nærmast alt trehandverk fekk vi denne overgangen etter kvart som materialane gjekk over til standardiserte industriprodukt. I 1947 når den siste grindløa på Nesheim vart bygd, var dei mitt i, eller kanskje på slutten av ein overgangsperiode der det gamle handverket var på vikande front. Det var far og bestefar til Sjur som i saman med ein anna handverkar bygde den siste grindløa på Nesheim, tømmeret var køyrd med hest opp til Seim og dei skar materialen på den nye saga der, saga hadde eldrift. Når dei først hadde materialane på saga, skar dei inn på toppen av staven for betahalsen så langt det var mogleg. Vi ser spor etter dette på fleire av dei seine grindbygga, Knut Øvstedal frå Bolstad fortalde det same frå sine trakter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde 1. Bygget som vart satt opp på Nesheim i 1947:

HFK arrangerte eit dokumentasjonsprosjekt med Sjur, vi bygde ei lita troskytje av saga plantagran, dette var materialar som var blitt liggande etter eit vindfall i 1980 åra. Deltakarane på prosjektet var i tillegg til underteikna, Einar Strand, Marius Jektvik og Emil Thoresen Småland.

Bygginga:
Vi hadde saga material frå ei bygdesag slik som dei hadde i 1947, men materialen var ferdig saga så vi fekk ikkje skåre ut for beten slik dei hadde gjort det den gang. Dette viste seg å vera ei lykke sidan vi då fekk både sjå og bruka den gamle grindareven som Sjur hadde liggande.

Bilde 2+3. Bilda viser dobbel og enkel grindariv.

Vi starta med å legga ut stavlegja og stavane slik som vanleg, vi merka grøype på stavane for betahalsen med grindariven og høgde ut dette først, med skåren og jamn material slik som her kann vi merke heilt ferdig grøypa i full djupne med ein gong. Sjur Merker og hogger ferdig heile toppen på staven før vi går vidare.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 4.

 

SONY DSC
SONY DSC

Bilde 4 B.

Her ser vi at det er merka opp for den særeigne samanføyinga mellom stav og bete som dei nyttar i delar av Hardanger. På innsida av staven er det eit innhakk som beten skal kvile på, i tillegg blir det merka for den spesielle avsmalningen på stavøyrene som skal få beten til å «knipa» på stavøyrene.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 5. Bildet viser en stav som er klar for å fellast i stavlægja.
Vi legger ut langvegganne som vanleg. Stavlægja og stavane skal leggast slik at vi teoretisk berre kan reisa opp langveggane når dei er ferdig. I Hardanger brukar dei ofte å ha stavane i lodd, så her skal det ikkje målast noko spenn, stavane må derfor ligga plant og dei skal vinklast mot stavlægja, dette må målast ut nøyaktig slik at stavane vert i lodd begge vegar når dei er ferdige. Når vi arbeidar etter denne måten må vi passe på at stavane ligger sånn at høgda på opninga for betahalsen blir riktig, her blir det altså høgda på beten minus eit hakk i beten for stavlægja, ofte 1 ½ – 2″. Hakket i beten for stavlæga er der for å låsa denne og forhidra at ho roterer ut i botn som følgje av utover trykket frå sperra, det er fleire ulike måtar å løysa dette på (teikning?) Bråtastykke eller ein stor nagle (toll) vart og bruka, i løa som var vårt forbilde hadde dei berre bruka ein stor spikar som sto på skrå frå stavlægja til bete.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 6. Her ser vi langveggane ferdig lagt ut og justert for oppmerking, legg merke til den store vinkelen vi har slått saman for anledninga. Frå venstre mot høgre, Sjur Nesheim, Emil Thoresen Småland og Einar Strand.
Veggen ligg klar for merking, vi skal merke utorhakket i stavlægja for stavøyrene.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 7. Vi merker på stavlægja for stavøyrene, på begge sider av staven og mellom øyrene.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 8. Marius Jektvik demonstrerer merking av djupna på fellinga i stavlægja, her kan vi bruke ein skant av tre eller for eksempel meterstokken om den passer.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 9. Emil sagar ut for hakka i stavlægja.
Når alle hakka for stavøyrene er ferdige legg vi alt tilbake på underlaget og justerer på nytt. Vi vinklar i forhold til stavlægja og siktar at alt ligg plant, Sjur er nøye på at staven ligger i riktig i forhold til høgda på betahalsen før vi hogger på snedbanda. Sjur som var arbeidsleiar på dette prosjektet såg til at nokon satt i gang å hogge i snedband medan andre begynte å laga mal for sperr og sperreskåre1 i stavlægja, på denne måten fekk vi stavlægja heilt ferdig med sperreskåre før vi byrja på grindene og kunne legge denne vekk.
1: Sperreskåre er hakket for sperra i stavlægja.
Innfo ramme her om merking av snedband og ulike variantar av felling?

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 10. Vi er i gang med å hogge på snedbanda, frå venstre. Trond, Sjur, Emil.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 11. Snedbandet er klart, her skal det merkast for hakk i stav og stavlægja.
Når snedbanda er på plass og vi har bora for naglane er det på tide å taka langsidene frå kvar andre. Før vi demonterer er det viktig å merka kvar alt høver i hop, i tillegg bør det merkast på stavane for underkant stavlægja for her er det ikkje eit hakk for stavlægja i staven slik det ofte brukar å væra, dette merket er praktisk å ha når vi skal hogge saman grindane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 12. Sjur borar for naglar.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 13. Det er lurt å merka plassering på snedband, stav og stavlægja.
Vi bestemte bredda på bygget og teikna dette opp på eit bord, då var det berre å rekna ut 3/5 delinga og slå opp sperremal med to bord.
Innfo klammer her om takreising (etter Godal) og utrekning.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 14. Vi målar og merkar for sperremal, samstundes merkar vi på tverrbordet for sperreskåra (vi har teikna opp bredda på bygget og stavlægja i 1: 1 på tverrbordet.)

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 15A. Detalj av oppmerkinga, legg merke til den ekstra skanten (kort liten bordbete med sperrehakk) vi har laga for å kontrollere sperreskåra undervegs i arbeidet.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 15B. Her har vi merka på sperreskåra i enden på stavlægjene og vi har slått merke med kritt. Då står det berre att å merke opp inndelinga av sperr (80-100cm) før ein kan hogge sperreskåre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 16A. Marius Jektvik til venstre, og Einar Strand merkar sperr, sperre ligg på »rygg» og malen på sida.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 16B. Merking av mønet og klauv/tapp.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 16C. Merking av sperrehakk og sperrelengde.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 17. sperra er klar for tilhogging.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 18. Stavlægjene og sperra er ferdige.

Når stavlægjene og sperra var ferdig byrja vi å fella saman grindane / stavpara. Bredda på bygget vart bestemt når vi merka opp sperra og vi kan bruka det same bordet til å stilla bredda melom stavane etter. Beten blir lagt oppå stavane i riktig posisjon, vi vinklar stavane med den store vinkelen før vi byrjar å merke fellinga for betahalsen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 19. Grinda vert justert før merking av betahalsen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 20. Sjur ser over at alt ligger som det skal før merking.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 21A og b. Plasseringa av betahalsen er merka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde 21 b.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 22. Når vi merka opp langveggen satt vi ein strek for underkant stavlægje på staven, no kan vi føre dette merket over på beten, merket viser djupna på hakket for stavlægja i beten.
For å merke sjølve halsbredda på beten er det praktisk å bruke grindariven.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 23. Marius merker for betahalsen med grindariv.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 24. Marius og Einar hogger til betahalsen.
Systemet i Granvin med dei svakt avsmalnande stavøyrene er at beten blir felt veldig trongt, det skal væra så trongt av ein komprimerer veden i stavøyrene litt når ein banker eller strammer beten nedpå med tau eller spennsett. Når beten er nedpå borar ein og setter i naglen gjennom stav og betahals, (teikning?)
Sjur lagar naglane av hardved, han kløyver opp og hogger naglane firkanta på om lag same dimensjon som holet. Naglane blir deretter spikka åttekanta slik at det blir som eit lite hove på enden. Sjur påpeiker at naglane berre blir utsatt for tverrbelastning og at eit stor hove ikkje er viktig når ein naglar grindbygg.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 25. Den eine grinda er klar for innfelling av snedband.
Snedbanda på grinda vert merka og felt på tilsvarande måte som dei på langsida. Denne grinda vert stødig sjølv med ganske korte snedband.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 26. Troskytja er melombels lagra på pallar, klar for montering på tomta.