Grindbygging etter Sjur Nesheim.

Praktisk grindbygging etter Sjur Nesheim.
Dokumentasjonsprosjekt Hordaland Fylkeskommune 2012. Bilda er tatt av Einar Strand og Trond Oalann.
Sjur Nesheim født 1936 er frå ei gamal handverkarslekt på Nesheim i Granvin. Vi skal sjå litt på korleis dei bygde grindbygg i 1947 når tradisjonane framleis var levande men saga material med god presisjon var lett tilgjengeleg. I Granvin og mogleg også i større delar av Hardanger var det litt andre løysingar som var vanlege i samkomme mellom bete og stav. Slike små variasjonar vil ein kunne sjå gjennom heile grindverksområdet. Mitt inntrykk er at grindbygga var meir einsarta tilbake på 15 – 1600 åra og at lokale skikkar har utvikla seg med tida. Når ein har tilgang på saga material med ganske god presisjon og målfasthet kan ein arbeida på andre måtar en tidlegare, det opnar seg ein moglegheit for å arbeida meir etter mål og berekningar en tidlegare når nesten all merking vart gjort ved hjelp av parallellforskyving. Denne endringa galt ikkje berre innanfor grindbygginga men innanfor nærmast alt trehandverk fekk vi denne overgangen etter kvart som materialane gjekk over til standardiserte industriprodukt. I 1947 når den siste grindløa på Nesheim vart bygd, var dei mitt i, eller kanskje på slutten av ein overgangsperiode der det gamle handverket var på vikande front. Det var far og bestefar til Sjur som i saman med ein anna handverkar bygde den siste grindløa på Nesheim, tømmeret var køyrd med hest opp til Seim og dei skar materialen på den nye saga der, saga hadde eldrift. Når dei først hadde materialane på saga, skar dei inn på toppen av staven for betahalsen så langt det var mogleg. Vi ser spor etter dette på fleire av dei seine grindbygga, Knut Øvstedal frå Bolstad fortalde det same frå sine trakter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde 1. Bygget som vart satt opp på Nesheim i 1947:

HFK arrangerte eit dokumentasjonsprosjekt med Sjur, vi bygde ei lita troskytje av saga plantagran, dette var materialar som var blitt liggande etter eit vindfall i 1980 åra. Deltakarane på prosjektet var i tillegg til underteikna, Einar Strand, Marius Jektvik og Emil Thoresen Småland.

Bygginga:
Vi hadde saga material frå ei bygdesag slik som dei hadde i 1947, men materialen var ferdig saga så vi fekk ikkje skåre ut for beten slik dei hadde gjort det den gang. Dette viste seg å vera ei lykke sidan vi då fekk både sjå og bruka den gamle grindareven som Sjur hadde liggande.

Bilde 2+3. Bilda viser dobbel og enkel grindariv.

Vi starta med å legga ut stavlegja og stavane slik som vanleg, vi merka grøype på stavane for betahalsen med grindariven og høgde ut dette først, med skåren og jamn material slik som her kann vi merke heilt ferdig grøypa i full djupne med ein gong. Sjur Merker og hogger ferdig heile toppen på staven før vi går vidare.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 4.

 

SONY DSC
SONY DSC

Bilde 4 B.

Her ser vi at det er merka opp for den særeigne samanføyinga mellom stav og bete som dei nyttar i delar av Hardanger. På innsida av staven er det eit innhakk som beten skal kvile på, i tillegg blir det merka for den spesielle avsmalningen på stavøyrene som skal få beten til å «knipa» på stavøyrene.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 5. Bildet viser en stav som er klar for å fellast i stavlægja.
Vi legger ut langvegganne som vanleg. Stavlægja og stavane skal leggast slik at vi teoretisk berre kan reisa opp langveggane når dei er ferdig. I Hardanger brukar dei ofte å ha stavane i lodd, så her skal det ikkje målast noko spenn, stavane må derfor ligga plant og dei skal vinklast mot stavlægja, dette må målast ut nøyaktig slik at stavane vert i lodd begge vegar når dei er ferdige. Når vi arbeidar etter denne måten må vi passe på at stavane ligger sånn at høgda på opninga for betahalsen blir riktig, her blir det altså høgda på beten minus eit hakk i beten for stavlægja, ofte 1 ½ – 2″. Hakket i beten for stavlæga er der for å låsa denne og forhidra at ho roterer ut i botn som følgje av utover trykket frå sperra, det er fleire ulike måtar å løysa dette på (teikning?) Bråtastykke eller ein stor nagle (toll) vart og bruka, i løa som var vårt forbilde hadde dei berre bruka ein stor spikar som sto på skrå frå stavlægja til bete.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 6. Her ser vi langveggane ferdig lagt ut og justert for oppmerking, legg merke til den store vinkelen vi har slått saman for anledninga. Frå venstre mot høgre, Sjur Nesheim, Emil Thoresen Småland og Einar Strand.
Veggen ligg klar for merking, vi skal merke utorhakket i stavlægja for stavøyrene.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 7. Vi merker på stavlægja for stavøyrene, på begge sider av staven og mellom øyrene.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 8. Marius Jektvik demonstrerer merking av djupna på fellinga i stavlægja, her kan vi bruke ein skant av tre eller for eksempel meterstokken om den passer.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 9. Emil sagar ut for hakka i stavlægja.
Når alle hakka for stavøyrene er ferdige legg vi alt tilbake på underlaget og justerer på nytt. Vi vinklar i forhold til stavlægja og siktar at alt ligg plant, Sjur er nøye på at staven ligger i riktig i forhold til høgda på betahalsen før vi hogger på snedbanda. Sjur som var arbeidsleiar på dette prosjektet såg til at nokon satt i gang å hogge i snedband medan andre begynte å laga mal for sperr og sperreskåre1 i stavlægja, på denne måten fekk vi stavlægja heilt ferdig med sperreskåre før vi byrja på grindene og kunne legge denne vekk.
1: Sperreskåre er hakket for sperra i stavlægja.
Innfo ramme her om merking av snedband og ulike variantar av felling?

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 10. Vi er i gang med å hogge på snedbanda, frå venstre. Trond, Sjur, Emil.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 11. Snedbandet er klart, her skal det merkast for hakk i stav og stavlægja.
Når snedbanda er på plass og vi har bora for naglane er det på tide å taka langsidene frå kvar andre. Før vi demonterer er det viktig å merka kvar alt høver i hop, i tillegg bør det merkast på stavane for underkant stavlægja for her er det ikkje eit hakk for stavlægja i staven slik det ofte brukar å væra, dette merket er praktisk å ha når vi skal hogge saman grindane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 12. Sjur borar for naglar.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 13. Det er lurt å merka plassering på snedband, stav og stavlægja.
Vi bestemte bredda på bygget og teikna dette opp på eit bord, då var det berre å rekna ut 3/5 delinga og slå opp sperremal med to bord.
Innfo klammer her om takreising (etter Godal) og utrekning.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 14. Vi målar og merkar for sperremal, samstundes merkar vi på tverrbordet for sperreskåra (vi har teikna opp bredda på bygget og stavlægja i 1: 1 på tverrbordet.)

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 15A. Detalj av oppmerkinga, legg merke til den ekstra skanten (kort liten bordbete med sperrehakk) vi har laga for å kontrollere sperreskåra undervegs i arbeidet.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 15B. Her har vi merka på sperreskåra i enden på stavlægjene og vi har slått merke med kritt. Då står det berre att å merke opp inndelinga av sperr (80-100cm) før ein kan hogge sperreskåre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 16A. Marius Jektvik til venstre, og Einar Strand merkar sperr, sperre ligg på »rygg» og malen på sida.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 16B. Merking av mønet og klauv/tapp.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 16C. Merking av sperrehakk og sperrelengde.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 17. sperra er klar for tilhogging.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 18. Stavlægjene og sperra er ferdige.

Når stavlægjene og sperra var ferdig byrja vi å fella saman grindane / stavpara. Bredda på bygget vart bestemt når vi merka opp sperra og vi kan bruka det same bordet til å stilla bredda melom stavane etter. Beten blir lagt oppå stavane i riktig posisjon, vi vinklar stavane med den store vinkelen før vi byrjar å merke fellinga for betahalsen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 19. Grinda vert justert før merking av betahalsen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 20. Sjur ser over at alt ligger som det skal før merking.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 21A og b. Plasseringa av betahalsen er merka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde 21 b.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 22. Når vi merka opp langveggen satt vi ein strek for underkant stavlægje på staven, no kan vi føre dette merket over på beten, merket viser djupna på hakket for stavlægja i beten.
For å merke sjølve halsbredda på beten er det praktisk å bruke grindariven.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 23. Marius merker for betahalsen med grindariv.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 24. Marius og Einar hogger til betahalsen.
Systemet i Granvin med dei svakt avsmalnande stavøyrene er at beten blir felt veldig trongt, det skal væra så trongt av ein komprimerer veden i stavøyrene litt når ein banker eller strammer beten nedpå med tau eller spennsett. Når beten er nedpå borar ein og setter i naglen gjennom stav og betahals, (teikning?)
Sjur lagar naglane av hardved, han kløyver opp og hogger naglane firkanta på om lag same dimensjon som holet. Naglane blir deretter spikka åttekanta slik at det blir som eit lite hove på enden. Sjur påpeiker at naglane berre blir utsatt for tverrbelastning og at eit stor hove ikkje er viktig når ein naglar grindbygg.

SONY DSC
SONY DSC

Bilde. 25. Den eine grinda er klar for innfelling av snedband.
Snedbanda på grinda vert merka og felt på tilsvarande måte som dei på langsida. Denne grinda vert stødig sjølv med ganske korte snedband.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde. 26. Troskytja er melombels lagra på pallar, klar for montering på tomta.

En kommentar om “Grindbygging etter Sjur Nesheim.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s