Kulturberaren Sjur Nesheim

 

Sjur Nesheim, en biografi

Skrive av Eirik Oalann for Bygningsvernsenteret Voss Hardanger.

Framsidebilde Roald Renmælmo.

Innhold

Kulturberaren Sjur Nesheim.. 2

Sjur Nesheim, kven var han?. 3

Snikkar og tømmermann. 5

Gardsdrift. 8

Slakt og mat. 10

Fjordhesten. 12

Slepeturane. 14

Ølbrygging. 16

Folkemusikk og feler. 19

Bibliografi 21


 

 

Kulturberaren Sjur Nesheim

«Fingernem, tilpasningsdyktig og dugelig», slik skildrar Karsten Alnæs fiskarbonden som levde i kystsamfunna vestpå og nordover i tida rett før og rett etter verdskrigen (Alnæs, 2000). Sjur Nesheim var ikkje fiskarbonde, heller snikkarbonde, og han si tid som bonde og yrkesutøvar fell etter den tida Alnæs greier ut om. Sjølv om det er slik, er det svært mykje av Alnæs si skildring av fiskarbonden som stemmer med måten Sjur levde, arbeidde og tedde seg på heilt fram til vår tid.

Kan vi difor seie at Sjur var gamaldags? Mange vil nok hevde det. Der andre brukte traktor, brukte han hest, slåmaskin og ljå. Han slakta sjølv, salta og røykte kjøt, han laga pølser og brygga sitt eige øl heller enn å kjøpe det i butikken. Sjur vart lidenskapleg interessert i folkemusikk, akkurat på den tida då den amerikanske kulturen skyldte som ei bylgje inn over Noreg. Han brukte høvelbenken og handverktøy, der moderne snikkarar og tømrarar brukte elektriske hjelpemiddel. Han hadde aldri førarkort, men brukte toget, moped og sykkel. Sjur levde såleis på mange måtar i ei anna tid enn det dei fleste andre gjorde.

På andre måtar var Sjur moderne. Han las fleire aviser kvar dag, og hadde difor gode kunnskapar om samfunnsutviklinga. Tinga han var interessert i, sett han seg svært godt inn i, og han praktiserte mange av dei dagleg. Han las tidskrift og bøker, og utvikla djupnekunnskap om desse emna. Han formidla kunnskapen vidare ved å vere instruktør på kurs både i gamle handverk- og landbruksmetodar . Han hadde eit stort kontaktnett som brukte dei kunnskapane han hadde tileigna seg. Det kunne til dømes være andre gardbrukarar som trengte hjelp med ein sau, det kunne vere handtverkarar som lurte på korleis ein skulle laga ei dør på gamlemåten, eller det kunne vere forskarar eller museumstilsette som hadde spørsmål om drikketradisjonar eller gamle reiskapar. «Det var veldig mykje telefonar, det var veldig mange som ringde og han blei ståande i telefonen…» fortel Arne Jordan som var ein god ven av Sjur (Jordan, 2014). Han levde såleis òg i det moderne kunnskaps- og nettverkssamfunnet, sjølv om han ikkje formidla på verdsveven.

Det å være eit bindeledd mellom gammal og ny tid, det å bringe vidare og dokumentera denne kunnskapen, det er å være ein kulturberar. I denne biografien og artikkelsamlinga skal vi sjå nærare på kulturberaren Sjur Nesheim og dei emna han interesserte seg i.

Flere poster om Sjur her på bloggen:

Trerenner med Sjur Nesheim.

Grindbygging med Sjur Nesheim.

 

Sjur Nesheim, kven var han?

Sjur vart fødd den 25. september 1936. Han var son av Olav Sjurson Nesheim og Alfhild Karlsen Lundgård. Faren var frå Nesheim og mora kom frå Skreia på Toten. Dei hadde gifta seg i Nykirken i Bergen i 1936 (Arkivverket Digitalarkivet, 2014). Dei første åra budde Sjur på Haugastøl samen med faren og mora. Faren arbeidde som snikkar på Bergensbana og mora arbeidde som kokke for arbeidarane. Dei budde på Haugastøl fram til faren tok over bruket Mjølstølen, frå morbroren Torstein Nesheim, i 1941. Det same året fekk Sjur si fyrste syster Anne Marie. Helga den yngste i søskenflokken vart fødd i 1944.

Dei første åra i Granvin budde dei på Øvre Vassenden (Bøyum, 2014). Mora Alfhild likte ikkje å bu der, ho snakka alltid om at ho «syntes at det var forferdeleg å bu der borte, for fjellet kom over henne» (Bøyum, 2014, s. 06:34) fortel Anne Marie. Særleg om hausten når det regna og småsteinane byrja rase nedover fjellsidene. Etter det flytta dei inn på Nesheim. Faren Olav byrja å arbeide som snikkar samen med bestefaren. Dei var rundt og sette opp hus og løer og liknande, minnes Anne Marie. Etter nokre år starta faren å arbeide på Hardangerbana. Han arbeidde på linja og dei hadde strekket frå Granvin og opp til Skjervet kor Voss kommune byrjar. Mora Alfhild var heimeværande husmor og deltok i arbeidet på bruket.

Systrene flytta frå bygda i nokså ung alder. Etter nokre år i Bergen enda Anne Marie opp i Sogndal, kor ho framleis bur saman med mannen Kjell Bøyum. Etter å ha arbeidd fleire ulike stader enda Helga opp i Sauda. Ho budde der nokre år, men i 1982 flytta ho tilbake til Nesheim og bygde hus der saman med mannen Erling Alvin Bruvik. Anne Marie er utdanna sjukepleiar og Helga er utdanna hjelpepleiar og barnepleiar.

Johannes Nesheim, som har kjend Sjur heile livet, minnes at dei som små hadde nokre geitekillingar som han og Sjur leika med (Nesheim J. , 2014). Sjur og Johannes leidde med seg killingane og rodde dei ut på nokre holmar i Krokavatnet. Dei var i ein gutegjeng frå begge sider av vatnet som leika saman. Dei dreiv litt med langrenn og skihopp fortel Johannes Nesheim. Sjur var allereie som ung glad i å gå i fjellet og han hadde interesse for hestar. I konfirmasjonsalderen byrja han òg å interessera seg for felemusikk. Interessa for friluftsliv, hest og felemusikk heldt han fram med å ha heile livet.

Sjur gjekk på Seim skule på Øvre Vassenden dei sju fyrste åra (Bøyum, 2014). Etter det gjekk han eit år på  framhaldsskulen i Granvin. Etter framhaldskulen byrja Sjur i snikkarlære, femten år gamal. Han var samstundes alltid med og hjelpte familien med å drive bruket og frå han var liten gut hjelpte han faren og bestefaren i verkstaden heime på Nesheim. Dei fyrste 12 åra i arbeidslivet arbeidde han i snikkarverkstaden, avbrote av den allmenne verneplikta. Etter at han slutta og arbeidde der, forsette han å arbeide i bygningsverksemder heilt til han gjekk av med pensjon. Det året systera Helga og mannen bygde huset på Nesheim, tok Sjur seg fri og var med og hjelpte dei med å reise det. Sjur tok over skøyte på Mjølstølen etter faren i 1972 og dreiv garden resten av livet.

Som pensjonist forsette han å arbeide litt for verksemda han arbeidde for dei siste åra. Han vart òg brukt som tradisjonsberar av Kulturminnevern og museumsavdelinga til Hordaland Fylkeskommune. Eller som han sa det sjølv i 2011, «Det er nokre karar som har vore og drege meg rundt av og til» (Markhus, 2011).

Sjur tok ikkje førarkort. Han tok toget til arbeidet så lenge det gjekk. Seinare vart det moped og sykkel. At han ikkje hadde førarkort var ikkje noko stort problem, han hadde familie og gode vener som han kunne sitte på med.

Sjur var glad i å lese. Han heldt fleire aviser, ei rekke med tidskrifter og han kjøpte fakta- og historiebøker. Han satt ofte på benken utanfor huset sitt og las. Han blir omtala som usedvanleg kunnskapsrik i dei emna som interesserte han og var god til å fortelje og til å gje vidare dei kunnskapane han hadde.

«Han var ein heidersmann han Sjur» (Velken, 2014, s. 23:40) seier Marit Velken og ho held fram «det er rett og slett ei stor æra å ha fengje kjent den mannen…for han var usedvanleg kunnskapsrik og han hadde eit godt minne og ei utruleg god formidlingsemna». Leif Rygg fortel «Han var voldsom lett å kome i kontakt med, og ein veldig interessant kar å snakka med om forskjellege ting…han hadde veldig fornuftige tankebanar rundt dette her, i forhold til den ekstasen som vi opplever i dag» (Rygg, 2014, s. 32:56). Arne Jordan seier om Sjur «Vi må jo berre konkludere det at han var eit veldig fint og behageleg menneskje å være i lag med – på alle vis» (Jordan, 2014, s. 16:48 del 2).

Sjur gjekk bort den 2. august 2013. Dette skriv Arne Jordan i minneskriftet,

«Sjur døydde brått om ettermiddagen 2. august på veg til den veglause garden Eldegard i Årdal i Sogn. Han var i lag med gode spelemannsvener for å ha ei triveleg helg med konsert og sosialt samvær. Ein kan seia at han «fekk reisa i ånden» av det han likte og treivst med. Han vart nær 77 år.» (Jordan, 2013)

 

Snikkar og tømmermann

«Oldefar, tippoldefar, bestefar og far var snikkarar. Eg var med frå då eg var pittaneliten i verkstaden her.» (Nesheim S. , 2011, s. 1)[1].

Dette seier Sjur då han i intervju med Renmælmo og Karlsson vart spurt om kvifor han vart snikkar. Men snikkartradisjonen går enda lengre attende i slekta til Sjur. Den første vi finn som vi med sikkerheit veit var snikkar er Sjur Torgeirson Espeland som var fødd i 1764 (Arkivverket – Digitalarkivet, 2014). Han er tipptippoldefaren til Sjur. Om han heiter det «… var snikkar og budde på plasset Strutten på Hodleve. Han var g. m. Brita Neteland frå Storegraven. Sjur var husbyggjar, ætta frå eit snikkarlag[2] på Espeland.» (Opedal, 1982).

Den neste i rekka er Torgeir Sjur Holven (1809-1890) tippoldefaren. Han er ikkje oppført som snikkar i arkiva, men det er grunn til å tru at han var det sidan faren var det og to av sønene vart det (Kvalem, 1996). Sjur omtalar han òg som snikkar i intervjuet i 2011 (Nesheim S. , 2011). Oldefaren Sjur Torgeirson Holven (1844-1928) var òg snikkar (Arkivverket – Digitalarkivet, 2014). Om han heiter det «… var snikkar og husbyggjar. Det var jordskifte med utflytting i hans bunad og flust med arbeid. Han satt i eigande hus. Folk kalla han oftast Gamle-Sjur.» (Opedal, 1982).

Faren og bestefaren til Sjur hadde snikkarverkstad heime i huset på Nesheim (Nesheim S. , 2011). Her var Sjur med å arbeide før han tok til i lære. Dei hadde berre handverktøy i snikkarverkstaden. Strøm fekk dei på Nesheim i 1940, men under og etter verdskrigen var det vanskeleg å få tak i motorar. I 1953 fekk dei den fyrste motoren, den dreiv ei sirkelsag. Fleire maskiner kom det aldri i verkstaden på Nesheim. Etter krigen var det òg vanskeleg å få tak i oppvaskbenker, så då laga dei mykje vaskestamper i tre. Hestekjøretøy laga dei både til sommar- og vinterbruk. Den første traktoren på bruka i Granvin kom fyrst i 1947, så det var bruk for slikt i bygda. Sledemeier vart øksa og høvla til i plank av ask. Gutungen Sjur måtte som best han kunne være med og høvle, så han fekk allereie i ung alder god trening i det.

I 1951 starta Sjur i snikkarlære hjå Kristoffer Kjerland på Eide i Granvin (Nesheim S. , 2011). Kristoffer Kjerland hadde sjølv gått i lære i ein møbelfabrikk i Øystese. Dei var to mann som arbeidde i snikkarverkstaden. Dei laga for det meste vinduer, dører, trapper og kjøkeninnreiingar. Av elektrisk verktøy hadde dei  fres, sirkelsag, planhøvel og bandsag. Dei var likevel ikkje kome lengre enn at handverktøyet var i flittig  bruk. Sjur måtte ikkje halde verktøyet sjølv så lenge han var hjå Kristoffer Kjerland.

Det dei laga i snikkarverkstaden var dei ofte ute og sette inn i bygga, slikt som dørene og kjøkeninnreiingane. Etter kvart vart det sterkare konkurranse frå dør- og vindaugsfabrikkar, og det vart mindre rekningssvarande å kjøpe frå snikkarverkstader (Markhus, 2011). Trapper kunne dei halda på med enno ei tid. Då Kristoffer Kjerland gjekk av med pensjon i 1963 vart det slutt for Sjur i den verksemda.

Etter dette byrja Sjur og arbeide for boren til Kristoffer Kjerland, Lars Kjerland (Markhus, 2011). Lars Kjerland hadde gått i lære hjå faren som var byggmeister, denne familien hadde òg vore snikkarar i fleire generasjonar (Nesheim S. , 2011).  No var Sjur ute og arbeidde på bygga. Lars Kjerland var «hoffsnikkar» to stader, det var for Den Norske Turistforening og Ullensvang Hotell (Jordan, 2014). Lars Kjerland hadde reist det nye Hotel Ullensvang i 1939, etter at den gamle hovudbygningen i drakestil vart rive (Kvalem, 1975), (Hotel Ullensvang, 2010). På hotellet var det mykje vinterarbeid. Hyttene på fjellet måtte settast opp om sommaren når det var fritt for snø. Materialar og verktøy vart frakta inn med weasel[3] på snøføre , derfor måtte så mykje som mogeleg av hyttene skjærast til «heime» på vinterstid. Det vart mykje handarbeid på hyttene, sidan dei ikkje hadde med seg maskiner inn på vidda.

Det var fyrst og fremst tre mann i staben som var inne og arbeidde på hyttene (Jordan, 2014). Det var forutan Sjur, David og Olav Medås som var brør. Dei hadde vakse opp på eit gardsbruk og begge var bygningssnikkarar. Dei var òg begge skyttarar, men Olav var klart den beste av dei. Olav Medås vart som ein relativt ukjent skyttar, skyttarkonge på landskyttarstemnet på Ulven i 1952, og helt fram «med en jevnhet og soliditet som kanskje mangler sidestykke» (Jorsett, 1970, s. 102). Fram til 1973 vant Olav ein rekkje premier både i meisterskapsskyting  og hurtigskytingar, han vart skyttarkonge for andre gong i 1963 (Jorsett, 1970). Dette var dei rette karane for slikt arbeid. Dei var vant med hardt gardsarbeid heimanfrå og dei var vant med og klara seg ute (Jordan, 2014). Sjur var i denne tida med å sette opp blant anna hyttene Instestølen, Geiteryggen, Sandhaug, Krækkja, Hellevassbu og Middalsbu (Nesheim S. , 2011).

Arbeidslaget låg heile somrane på vidda (Nesheim S. , 2011). Dei budde oftast i dei gamle turisthyttene som stod på staden. Samstundes gjekk turisttrafikken som normalt. Om hyttene var betjent laga kjøkenet mat til dei. På dei sjølvbetjente hyttene laga arbeidslaget mat saman. Hyttene vart for det meste reist i reisverk og alle i laget gjorde alle arbeidsoppgåvene. «Du arbeidde deg fram. Vi var ikkje spesialiserte, vi var spesialister på alt.» (Nesheim S. , 2011, s. 2) fortalde Sjur då han vart spurt om kva arbeidsoppgåver dei gjorde på bygga. Sjur var òg i ettertid inne på hyttene og var med på noko av vedlikehaldsarbeidet (Bøyum, 2014).

For Sjur var løna betre ute på byggja enn i verkstaden (Nesheim S. , 2011). Då dei sette opp Krækkja, eit arbeid som strekte seg over to somrar, hadde dei akkordløn. Han fekk meir enn 10 kroner timen for arbeidet, «då hadde vi ei stor setelbok  når vi kom heim» (Nesheim S. , 2011, s. 3), minnes han.  Mykje av arbeidet dei gjorde var prisa på anbod. Om dei klarte å gjere arbeidet fortare enn det byggmeisteren hadde rekna, fekk dei overskot, dei fekk då være med å dele noko av det. Hjå Lars Kjerland måtte Sjur halde verktøyet sjølv. Han fekk nokon øre i timen i verktøystillegg. Vedlikehaldet av verktøyet måtte dei gjere sjølv og arbeidet gjorde dei på fritida. Dei hadde ikkje nokon faste rutinar for når  det skulle slipast, det vart slipt når det hadde vorte sløvt. Når dei arbeidde inne på vidda hadde dei med seg nokre små smergelskiver som dei sveivde for hand, desse vart brukt til å slipe høveltender, hoggjern og liknande.

Sjur arbeidde hjå Lars Kjerland til han gav seg i 1974 (Nesheim S. , 2011). Verksemda vart då seld til sonen til eit søskenbarn, Sigmund Kjerland. Han slo seg saman med Lars K. Velken i verksemda Kjerland og Velken AS. Dei var tre karer som følgde med over til dei nye eigarane. I denne verksemda arbeidde Sjur i meir enn 25 år, og han fekk gullklokke for innsatsen. Sjur hadde spart seg opp nokre midlar slik at han kunne gå av nokre år før den allmenne aldersgrensa (Jordan, 2014).

Sjølv om Sjur pensjonerte seg, slutta han ikkje heilt og arbeide for Kjerland og Velken AS. Han var sporadisk med og heldt på til han var om lag 70 år (Nesheim S. , 2011). Han var ein del i verkstaden og reparerte gamle dører og vindauger, «men om sumaren såg dei nok til att eg tok fri ei veka eller to» (Nesheim S. , 2011, s. 3), seier Sjur. Etter kvart som det allmenne velstandsnivået i Noreg auka, auka og interessa blant mange for å kjøpa og setja i stand gamle bygningar. Når verksemda fekk slike oppdrag, var gjerne Sjur med og viste dei unge karane kva som måtte gjerast og korleis arbeidet skulle utførast (Jordan, 2014). Han var nærast fast «konsulent». Framleis gjorde han òg små oppdrag heime i sin eigen snikkarverkstad.

Han fekk òg litt å gjera på andre kantar i pensjonstida. Det at Sjur kunne gjera arbeidet på gamlemåten gjorde at han vart ein ettertrakta kar, ikkje i snikkerverksemder men hjå andre (Markhus, 2011). I 2002 vart Sjur kontakta av Stiftelsen Bryggen, han var og vitja dei og kom med råd om lafteteknikkar (Oalann, 2014). Han vart òg brukt som kjelde i boka Beresystem i eldre norske hus av Jon Bojer Godal, Steinar Modal, Trond Oalann og Embert Sandbakken.

Hordaland Fylkeskommune avdeling for Kulturminnevern og museum byrja etter kvart å bruke Sjur som tradisjonsberar (Oalann, 2014). I starten på filing av sager og sliping og bryning av verktøy. Etter kvart vart det mykje kontakt. Sjur gav rettleiing og var med på dokumentasjonsprosjekt  innanfor emne som grindbygg, tretakrenner, vindaugs- og dørsnikring. Nokre av prosjekta vart gjort i snikkarverkstaden heime hjå Sjur, men ofte lånte dei verkstaden til Vestnorsk kulturakademi på Voss. Sjur var òg med som instruktør på samlingar blant anna på Røros, Hardanger Fartøyvernsenter og i Normandie.

https://hyvelbenk.wordpress.com/2015/03/06/registrering-av-hovlane-etter-sjur-nesheim/

https://hyvelbenk.wordpress.com/2014/11/10/snikkaren-og-yrkeskunnskapen-sjur-nesheim-og-tradisjonen/

Nesheim 29.3.11 002
Nylaga høvlar heime hos Sjur.

 

Gardsdrift

«Nei, så realistisk var eg. Eg hadde vore med og hjelpt til på garden sidan eg var liten gut. Det var aldri stort nok. Far min hadde ikkje garden som levebrød, han heller» (Markhus, 2011)

Dette svarar Sjur når han vart spurt om det hadde vore aktuelt med fulltidsdrift av Mjølstølen. Bruket vart skild ut frå hovudgarden Nesheim under utskiftinga i 1880-åra, før det var det husmannsplassar og utmark på Mjølstølen. Husa på bruket var ferdigstilte i 1887 (Markhus, 2011). Garden Nesheim har gardsnummer 107 og 11 bruk. Mjølstølen som Sjur dreiv er bruk nummer 5 (Villand & Årekol, 2001). Sjur tok over skøyte på bruket etter faren i 1972 (Kvalem, Ættarbok for Granvin, 1975). Faren Olav Sjurson Nesheim hadde sjølv teke over bruket frå morbroren Torstein Nesheim (1878 – 1959) i 1941 (Kvalem, 1975).

Drifta av bruket var alltid ei attåtnæring for Sjur, han var framfor alt snikkar. Mjølstølen hadde noko og 20 dekar dyrka mark, noko skog, utmarksslåttar på Lie og stølsrett på Grostøl. I utmarka på Lie hadde bruket ei utløe som dei delte med eit anna bruk (Nesheim J. , 2014). På Grostøl hadde det tidligare stått eit sel, men så lenge Sjur dreiv stod berre tuftene att. På det meste var det ti til tolv sauer, tre kyr, ei kvige og ein hest på Mjølstølen. Når foreldra dreiv hadde dei gris òg. Skogen vart nytta til ved til eige bruk. Sjur tok òg ut noko material til bruk for arbeidet i snikkarverkstaden (Villand & Årekol, 2001). Han tok ikkje ut noko tømmer, han meinte det var berre utlegg og ikkje ville løne seg (Bruvik, 2014).

Faren til Sjur arbeidde ved sida av drifta, nett som Sjur gjorde etter at han tok over (Bøyum, 2014). Derfor fall mykje av gardsdrifta på mora og ungane. Sjur var difor tidlig med i arbeidet. Systera Anne Marie minnes at mykje av slåtten i desse åra var det dei som stod for, mora, Sjur og systrene. Fram til 1960 vart mykje av bøen slått med hesteslåmaskin, men etter det tok dei i bruk ein motorslåmaskin. I desse åra vart utslåttane framleis slått og hesja. Graset vart lagra i utløa og frakta heim om vinteren på isen på Granvinsvatnet. Dei åra det ikkje var is måtte dei ro graset heim. På Lie var det òg mykje hasseltre. «Me kjøpte ikkje nøtter når eg var unge» (Bøyum, 2014, s. 01:23) minnes systera til Sjur, Anne Marie. Nøttene vart lagt i store sildekassar som dei la under høyet på låven for å modna.

Jorda ut mot Granvinsvatnet vart slått heilt ut til vasskanten, graset dei slo der kalla dei vassgraset (Bøyum, 2014). På dette område hadde dei åker òg, kor dei dyrka poteter. Dette området vart i 1995 freda som ein del av Granvindeltaet naturreservat (Lovdata, 2014). Det vart lagt ei rekke restriksjonar på bruken av våtmarksområdet. Det var framleis lov å slå og beita i naturreservatet, men det var ikkje lov å hogga noko. Sjur meinte at det etter fredinga vart mindre og mindre fugl for kvart år, kanskje fordi det grodde til (Nesheim J. , 2014).

Som attåtnæring til drifta av bruket kom fisket i Granvinsvatnet. Mjølstølen hadde fiskerett, og i tidsbolken som varte frå mai til ut september fiska dei med garn i vatnet. Dette var ei velkomen ekstrainntekt for bruket. Prisane for sjøaure var gode på denne tida, og fekk dei laks var det enda betre betalt. Fisken vart seld til handelsmannen som avhenda den vidare. Den vart så sendt med toget til Voss og derifrå vidare til blant anna hotell i Oslo. Sidan det er ål i Granvinsvatnet, var det viktig å komma seg tideleg ut for å trekke garna. Om garna vart ståande for lenge, åt ålen av fisken (Bøyum, 2014). Fisket med garn i Granvinsvatnet vart forbode i byrjinga av 90-tallet.

For Sjur vart det lange arbeidsdagar, særleg dei første åra etter at han tok over garden (Jordan, 2014). Sjølv om mora og faren framleis levde var det han som hadde ansvaret. I  toppsesongen for fisket var han og faren tidlig oppe for å trekke garna, gjerne i firetida om morgonen. Faren tok seg av fangsten og sytte for at den vart levert til handelsmannen. Sjur måtte vidare i floren for å mjølke kyrne, før han fekk seg litt mat. Etterpå tok han toget eller sykla på arbeid, kor han møtte klokken sju, for å arbeide ein full arbeidsdag. Når han kom heim kunne han ikkje eta middag, det vart vassgraut, om han åt middag datt han i hop og kom seg ikkje i gong igjen. Etter dette var det gjerne ut igjen for å arbeida med slåtten, og så var det i floren igjen. Det vart gjerne ikkje middag på Sjur før i nitida på kvelden. Dette kunne stå på i nokre månader på somrane. Elles i året var det det faste arbeidet i floren morgon og kveld, arbeidet som snikkar og anna forfallande arbeid på bruket.

Sjur hald fram med å drive bruket på gamlemåten, utan traktor, med hest og slåmaskin (meir om dette i kapitelet Fjordhesten). Mjølkemaskin hadde dei fått på bruket før han tok over, og det kom etter kvart ein liten silo. I slåtten vart den grovaste enga lagt i den, det vart òg det som vart slått i håne. Det finaste graset vart tørka enten på hesjer eller flatt på bakken. Alle dei plassane han ikkje kom til med slåmaskina, slo han med ljå. Det vil seie at han slo omkring 4 dekar med ljåen, utmarksslåtter slutta han med omkring 1970 (Villand & Årekol, 2001). Tidligare hausta dei òg elvesnelle (Equisetum fluviatile) på Mjølstølen, dette var sauefòr og det var ingenting sauene likte betre (Villand & Årekol, 2001). Dette var vanleg i tidlegare tider på gardane Nesheim og Moe. Elvesnella veks på grunt og stille vatten og vart slått med vanleg ljå frå båt, eller ved at ein vada og slo med ljåen. Det vart lagt ut eit reip i vatnet og graset vart rake inn med reipet. Dette vart rekna som eit kaldt arbeid (Kvalem, 1975).

Sidan Sjur forsette med ljåslått lenge etter at dei fleste andre hadde slutta med det, vitja Nils Årekol Mjølstølen i samband med at han og Eiliv Villand skulle gje ut boka «Steinbryne» (Villand & Årekol, 2001). På denne vitjinga viser Sjur, Årekol, korleis ein skal slipe og bryne ljåane og korleis dei skal brukas på bøen. Det viser seg i denne samanheng at Sjur har særs god greie på forskjellige bryne og korleis dei skal brukas for å få skarpt verktøy til å arbeide med i slåtten. Sjur brukte dei gamle steinbryna, han meinte desse var mykje betre enn dei nye laga av smergel. Kor opptatt han var av at verktøyet skulle væra skarpt kjem fram i intervjuet med Bakken i 1985.

IMG_9445
Bilde. Nils Årekol

«Eg har aldri vå so opptekjen av maskine. Verken som snikkar eller bonde. De ha gjenge greitt utan. De e langt alvorlegare at det ikkje lenger finst nokon som kan kvesse ein ljau eller slipe ei sag» (Bakken, 1986, s. 110) seier Sjur.

Johannes Nesheim fortel og at no etter Sjur er gått bort får han ikkje like skarpe ljåar. Han fortel om slipinga og bryninga av ljåane at «eg greie da, men eg får det ikkje til slik som han» (Nesheim J. , 2014, s. 41:43).

Når Hans Petter Evensen, frå Lien Landbruksskule på Torpo, fekk lesa om Sjur i boka «Steinbryne» inviterte han Sjur like godt på «Kurs i bevaring av biologisk mangfold i kulturlandskap» på Ryghset (Årekol, 2002). På kurset var det 25 deltakarar og i tillegg var det 15-16 born med. Sjur fekk på kurset høve til å visa dei yngre generasjonane korleis ein skal slipa og bryna ljåane, slå med ljå, rake og sette opp hesje.

Mjølkeproduksjonen slutta Sjur med i 1989 (Markhus, 2011). Krava til dei som dreiv med mjølkeproduksjon vart i denne tida stadig skjerpa. Før hadde ein kunne levere mjølk på spann, no måtte ein levere frå tank (Nesheim J. , 2014). I byrjinga kunne ein bruke ein trilletank, dette hadde Sjur. Etter kvart måtte ein ha fastmontert tank i eige rom, og det måtte ein kosta sjølv. Med den produksjonen Sjur hadde, med 3 kyr, svara det seg ikkje å ta i bruk slikt utstyr. Den siste kua selde Sjur til Johannes Nesheim.

Før hadde dei hatt dalasau på Mjølstølen, men den egna seg ikkje så godt til dei ulendte fjellbeita som bruket hadde (Bruvik, 2014). Etter Sjur hadde slutta med kyrne, tinga han i 1990 spelsau frå tre gardsbruk på Voss (Nesheim J. , 2014). Ingen av dei tre visste kor mange lam dei kunne selje, så Sjur tinga frå alle tre. Alle kom med det Sjur hadde tinga og han kjente han ikkje kunne sei opp nokon sidan han allereie hadde tinga dei. Våren etter vart det trongt i fjøset til han Sjur, og han måtte selja unna nokon av sauene på hausten. Sjur hadde òg eigen vêr på bruket (Nesheim J. , 2014). «Han kjøpte fine vêrar» (Nesheim J. , 2014, s. 50:56) minnes Johannes Nesheim, så han var over med nokon av søyene sine til vêrane til Sjur. Når Nils Årekol vitja Mjølstølen hadde Sjur 39 vinterfora sauer (Villand & Årekol, 2001). Etter dette vart det nedtrapping av drifta, det han produserte gjekk til eige forbruk for han og familien. I desse åra hadde han for det meste 10 til 12 sauer på bruket i tillegg til hesten.

DSC_3081
Gården til Sjur.

DSC_3078

Slakt og mat

«Då åt vi opp heile avlinga» (Bøyum, 2014, s. 44:38).

Systera Anne Marie kan ikkje huske at ho nokon gong har kjøpt pinne- og spekekjøt så lenge Sjur levde. Om hausten slakta han heime. I dei første åra var det Endre Skår som kom og hjelpte han med slaktinga. Seinare slakta Sjur sjølv. Skrottane vart hengd opp i kjellaren kor Sjur parterte dei. Han hadde eige røykhus på garden, så det meste av kjøtet vart salta og røykt. Av dette vart det pinnekjøt og fenadlår. Dei røykte ryggane vart brukt til kumler, eller kokt i lag med erter og flesk.

Av avskjeret vart det laga pølser (Bruvik, 2014), (Bøyum, 2014). Systrene og svograne var med og hjelpte, Helga i mange år og i dei siste åra Anne Marie. Når dei laga pølser kjøpte dei tarmen, kjøtet vart malt i kvern saman med flesk og blanda med kraft, salt og peppar. Dei siste åra brukte dei òg litt svinekjøt i pølsene for at dei skulle bli  mildare i smaken. Deretter vart pølsene røykt. Det vart ikkje laga spekepølser på Mjølstølen, tørkeforholda var ikkje dei rette. Det vart mykje pølser i slaktetida, dei kunne laga meir enn hundre. Til å lage pølsene brukte dei ein Mixmaster med pølsetut. Anne Marie minnes at dei i tidlegare tider brukte tarmen frå eige slakt. Det var litt av eit arbeid. Det var om hausten, det var kaldt, tarmen vart tatt med i bekken kor dei let vatnet renne gjennom den for å få den rein. Før var det òg vanleg å laga leverpølse, dette var ei pølse med lever blanda samen med litt kjøt. Systrene til Sjur kan ikkje minnes at dei noko gong brukte resten av innmaten som hjarte og nyrer.

Blodet frå sauene vart brukt til blodpølser. Når dei laga desse, blanda dei blodet med mjølk og semulegryn eller kveitemjøl, blandinga vart heldt i kokeposar og kokt. Før i tida var det vanlig å bruke «vomba», magesekken, til kokepose (Fossgard & Notaker, 2007). Denne vart klipt opp i passeleg store bitar og sydd til poser.  Blodpølse var Sjur svært glad i, det åt han nesten kvar dag. Han varma blodpølse i panna og åt det til kvelds med flatbrød til.

Når ein lager pølser klarer ein ikkje å spikke alt kjøtet frå beinet. Dei kokte derfor beina for å få av resten av kjøtet. Det kokte kjøtet vart blanda med kraft og gelatinpulver, slik at det blir som ein aspik. Dette likt Sjur godt, han skar det i skiver og hadde det på brød. Når kyrne skulle på sommarbeite på fjellet måtte mjølkinga trappas ned (Bøyum, 2014). I denne perioden vart det for lite mjølk til å sende til meieriet, men det var meir mjølk enn det dei klarde å bruke i den daglege matlaginga. Det var då vanleg at dei kokte dravle av mjølka.

Det er ikkje lengre vanleg på norske bruk å slakta, salta og røka og lage pølser av kjøtt og blod. Sjølv om nesten alle andre hadde slutta med dette arbeidet, ville Sjur at dei skulle halda på tradisjonen og helt fram med dette arbeidet (Bøyum, 2014).

 

Fjordhesten

«Da fine me fjordhesten er at han arbeider i eit slekt tempo at du blir nøydd å tenkje eit og anna sjølv. Og so e da no eit dyr du vert voldsomt glad i. De e ein fæl saknad å ikkje fao gje hesten, ikkje fao høyra ko godt han tyggje. De e ein ærleg lyd.» (Bakken, 1986).

Slik skildrar Sjur sitt tilhøve til hesten som ven og arbeidskamerat. At ein som gardbrukar utvikla eit heilt anna tilhøve til hesten som arbeidsreiskap enn det ein i dag gjer med traktoren verker nesten sjølvsagt. Brukaren og hesten var saman i arbeidet sommar som vinter, i solskin og ruskevær. Hesten var ein ven ein kunne gje eit klapp på halsen og som vart takksam om den fekk eit eple eller ei gulrot. Hesten vart ein arbeidskamerat som var med ein å ta dei tyngste taka i arbeidet på garden.

Sjur dreiv Mjølstølen utan traktor heile livet. Ein kan seie at han var blant dei siste, av den siste generasjonen i norsk landbruk, som dreiv utan. Før traktoren kom var hesten heilt sentral i drifta, og kvart bruk i Granvin hadde minst ein (Kvalem, 1986). Eit gardsbruk utan hest vart i denne tida ikkje rekna som eit gardsbruk i det heile.

Jordbruksteljinga i 1947 viser at det i Granvin berre fantes ein traktor (Kvalem, 1986). Om ein går om lag 30 år fram i tid er bilete frå 1947 snudd heilt på hovudet. No har alle gardsbruka minst ein traktor og drifta med hest er nesten heilt forsvunne. Vi ser den same utviklinga i heile det norske landbruket i denne perioden. Mekaniseringa av det norske landbruket i perioden  1950 og fram til 1975 «var svært ofte det samme som traktorisering» skriv Hodne og Grytten (Hodne & Grytten, 2002, s. 223). Om vi ser på teljingane av hestar i Granvin i denne perioden syner desse tala det same (Kvalem, 1986). Hestehaldet var på topp i åra rett før andre verdskrigen, for så å falle jamt og trutt fram til 1980 kor nesten all drift  i Granvin hadde vorte motorisert.

Kva vart så hesten brukt til på gardane før traktoren kom? Hesten gjorde då mykje av det same arbeidet på garden som traktoren gjer i dag. Den vart satt framfor plogen, harva og slåmaskina. Den trakk høylasset og møkkakjerra. Hesten var med på arbeidet i skogen for å trekke tømmeret og køyre heim veden. Den bar dei tyngste lassa i kløv opp til stølen og heim att. Å dra slåmaskina vart rekna for det tyngste arbeidet for fjordhesten (Bakken, 1986).

«Det var neimen ikkje noko gjestabod for fjordhestane som drog slåmaskina. Men det var no helst om morgonen og kveld dei slo. Dei slapp no helst å trekke på slåmaskina i solsteiken» forklarar Sjur for Arne M. Bakken i 1985.

På Mjølstølen kjøpte dei seg motorisert slåmaskin allereie i 1960 for å gjere dette arbeidet (Villand & Årekol, 2001). «Han var ein av dei første som kjøpte (motorslåmaskin)…fordi dei hadde dårleg hesteslåmaskin trur eg» (Nesheim J. , 2014, s. 18:33) seier venen og naboen Johannes Nesheim. Denne maskina var den einaste reiskapen på garden som brukte fossilenergi. Systera Helga kan godt huske åra dei slo med hesteslåmaskina, og at det vart investert i motorslåmaskin og høyvendaren til den (Bruvik, 2014). Sjur likte på si side best at dei framleis brukte rivene til å snu graset, han meinte det vart finast slik. Når Arve M. Bakken vitjar Mjølstølen i 1985, for å lage ein artikkel til boka Fjordhesten, viser Sjur han korleis ein slår med hesteslåmaskina. Maskina som Johannes Nesheim eig, har då vore nedpakka i mange år, men Sjur meiner at det går like fort å slå med den som med motorklipparen (Bakken, 1986). Hesteslåmaskina har Johannes Nesheim framleis ståande den dag i dag (Nesheim J. , 2014).Til alt det andre tunge arbeidet på garden heldt Sjur fram med å bruke hesten, og så tidlig som vitjinga til Bakken (1985) var han i følgje han sjølv den siste som dreiv med hest i bygda.

«Det er en kunst å samarbeide godt i arbeidet med ein hest» (Velken, 2014, s. 16:51). Det er viktig å få hesten på laget ditt når ein arbeider saman. Hesten er eit stort og tungt dyr som eigentleg kan gjøre nett som det vil med menneskje. Når ein bruker hesten i gardsarbeid kan det derfor verta mange farlige situasjonar om ein ikkje får hesten til å lye. «Dette var Sjur flink til å få til» (Velken, 2014, s. 17:31). Kunnskap om korleis ein driv på denne måten er no i ferd med å forsvinne, alle dei småtinga ein må kunne for at samspelet med hesten i gardsarbeidet skal fungere godt. Det krev òg mykje av brukaren, driv ein på denne måten må ein væra glad i å bruke seg sjølv i hardt arbeid.

«Ho Helga sa da mange gonger… hesten hadde det betre på Mjølstølen enn det han Sjur hadde det, for han Sjur sleit ­­­- og hesten han kunne heilt sikkert ha klart mykje meir» (Bøyum, 2014, s. 32:47)

Slik svarer Anne Marie når ho blir spurd om kvifor Sjur dreiv så lenge på denne måten, og ho held fram «… å bruke seg sjølv det hadde han ikkje noko imot, om han sleit så gjorde det ikkje noko».

Traktoriseringa av landbruket har ikkje berre ført til at hesten har vorte borte, men og til at yrket som bonde har vorte meir einsamt (Alnæs, 2000). I dag er det stort sett bonden, traktoren og fôrhaustaren aleine som  arbeider på bruket i onnene. Tidligare vart bruka drive av familien, i onnene var alle med, karane slo og køyrde avlinga på låven, mens kjerringane og ungane raka og hesja (Kvalem, 1986). Denne tradisjonen vart halde i hevd lenge på Mjølstølen, i slåtten var systrene og svograne til Sjur med og hjelpte, og hesten køyrde framleis avlinga på låven (Bøyum, 2014).

For Sjur vart fjordhesten «ein lidenskap rett og slett» (Velken, 2014, s. 15:23), den vart altså meir enn arbeidskameraten. Sjur reiste rundt på utstillingar og slepp for å sjå på fjordhestane. Det var «godt for auga hans og sjå ein fint bygd hest» (Velken, 2014, s. 15:46) , seier Marit Velken om Sjur. Han hadde òg god greie på og oversikt over stamtrea deira. Sjur sat  i styre i Hestalaget i Granvin i alle år (Jordan, 2013). Han abonnerte og las magasinet Fjordhesten og bøker om  emnet, som alt som interesserte han sette han seg godt inn i dette òg. På dei to siste hestane sine, Ramona og Gåslandsmari, hadde Sjur føl. Systera Helga minnes at dei hadde føl på bruket ein tre, fire gonger (Bruvik, 2014). Om han kjøpte arbeidshestane ut får stamtrea deira er meir usikkert. Det har nok vore viktigare for Sjur at dei var brukande i arbeidet på bruket, men om dei hadde ei god avstamming har nok ikkje det vore uvesentleg for han.

 

Slepeturane

«Sjur var nok ganske sikker på at det var fjordhesten som var rette rasen» (Velken, 2014, s. 14:18).

Dette seier Marit Velken, når ho fortel om kva type hestar som var med på slepeturane over vidda. I 1997 vart det starta organiserte kløvjeturar over Hardagervidda. I disse åra fekk Sjur sjansen til å kombinere interessa si for hestar med interessa si for å gå i fjellet. Turane gjekk på dei gamle slepene over Hardangervidda. Frakt på desse slepen er ein gamal tradisjon i bygdene rundt vidda, og kan førast langt tilbake i historia. På 1600- og 1700 talet kom dei første driftevegane over høgfjellsplatået, men det har trulig vore driftetrafikk over Hardangervidda heilt sidan 1000-tallet (Bremnes, 1993).

For Sjur og hesten vart dette ein form for ferie (Velken, 2014). Sjur fekk sjansen til å leva i stunda og få avkopling frå alt heime. Han fekk òg mogligheita til å vere saman med gode vener. Mykje av dei same folka som han var saman med i andre samanhengar var med på turane. Hesten måtte riktig nok slite og bæra, men etter kvart som turen skreid fram vart oppakninga lettare. Hesten fekk kome opp på fjellet og beite på det friske fjellgraset, og lufta der oppe var mykje svalare for ein fjordhest enn det den er nede i dalen om sommaren.

Turane vart skipa til slik at dei frå dei forskjellig bygdene rundt vidda stilte eigne kløvjelag. Kløvjelaga gjekk opp frå forskjellege stader og møttest inne på vidda. Dei gjekk ulike ruter kvart år dei gjekk. På den første turen i 1997 gjekk dei den gamle Hardingslepa, i 2000 gjekk dei Store Nordmannsslepa og seinare vart det fleire turar. Tanken bak var å ta vare på dei gamle kløvjetradisjonane og å spreie kunnskap om det gamle samkvemmet mellom aust og vest (Årekol, 1999). Dei prøvde å få med kløvjelag frå alle kommunane rundt vidda. Dei lukkast ganske godt, «det var kanskje litt lite frå Hallingdal» seier Marit Velken (Velken, 2014, s. 03:26).

For Sjur var det naturlig å være med i Voss- Granvinslaget. At dette laget vart starta var ganske tilfeldig (Velken, 2014). Det var på ein grendafest i gamlestova på Vindal nyttårskvelden i 1997 at det kom opp, frå nokon vossingar, at det skulle startast organiserte kløvjeturar over vidda. Vossingane hadde ikkje hest sjølv men dei ønskte og få til eit kløvjelag derifrå. Dette vart nemnd for Velken og Sjur, og dei tente på tanken. Dei var med på den første turen 1997 og sidan gjekk dei mange kløvjeturar saman, både organiserte og andre.

Dei organiserte kløvjeturane varte ei veke (Velken, 2014). Frå Voss- Granvinslaget stilte dei på det meste med tre fire hestar på desse turane. Ein skulle ikkje væra meir enn tre vaksne på kvar hest, slik at børa for hesten ikkje skulle bli for tung. Kva vekt ein hest kan bæra på slike turar kjem an på kva type hest det er og forma til den. Det mest vanlege var at hestane bar ein 80 til 90 kilo. I eldre tider var hestane mindre og ein rekna det ikkje for forsvarleg å lasta meir enn 50 kilo på hestane som skulle på den strevsame ferda over vidda (Indrelid, 2014).  På dei tilskipa turane starta nokon turen heilt nede i frå fjorden, Sjur og dei juksa nokre gonger og starta frå Tinnhølen «det var skikkeleg juks» (Velken, 2014, s. 07:22), fortel Marit Velken og ler.

KløvturIMG_445009
Kameraten til Sjur, Steinar Mølster på kløvtur til Sødalen med dølahesten «Spretten»

Det var ofte organiserte tilstellingar der turen enda (Velken, 2014). Når dei i 1997 gjekk Hardingslepa hadde spelemannslaget i Rauland laga til ein stor marknad med underhaldning. Dei kom kløvjelaget i møte og møtte dei ein dagsmarsj frå Rauland ved Saltpytt. Hardingslepa som går frå dei sørlegaste gardane i Sørfjorden til Rauland i Telemark vart i tidlegare tider brukt til dei store hestedriftene (Indrelid, 2014). Marknaden var ved Saltpytt, som etter gamle mål skulle liggje 3 mil frå kyrkja i Rauland. At det var spelemannslaget som skipa til er ikkje underlig,

«For du veit dette henger veldig samen … dei same folka som er interessert i hest og historikk og det kom igjen med felespel og brygging – altså heile dette blir ein slags tråd, så noen av dei same går igjen på arenaen.» (Jordan, 2014) fortel Arne Jordan.

Besøk 3.3 10 026
Kløvambar snekra av Sjur.

Bildetekst: Dei flotte kløvene til hesten hadde Sjur laga sjølv. Kløvene var ettertrakta etter han gjekk bort.

 

Ølbrygging

«Det var tradisjon då eg voks opp, å bryggja. Dei byrja straks etter krigen, dei gamle. Fem-seks karar i ein krins her. Første gongen eg var med var i 1957, då eg kom heim att frå militæret. Etter det har eg laga øl to gonger i året, til jonsok og jol.» (Markhus, 2011) dette fortel Sjur til Markhus i intervjuet i 2011.

Å brygga øl har lange tradisjonar her i landet. Gulatingslova påla alle bønder, med nokre få unntak, å brygga øl (Bleie, 2007). Dette påbodet vart vidareført i Magnus Lagabøter sin landslov frå omlag år 1275. Dei som ikkje brygga kunne bli dømd frå gard og grunn.

I Hardager var denne tradisjonen godt rotfesta. På alle gardane brygga dei minst to gonger, til jonsok og jul (Bleie, 2007). Rundt 1850 skjedde det eit klart skifte i denne tradisjonen. Avhaldsrørsla fekk vind i segla og hardingane var tidlig ute. Det vart skipa avhaldsforeiningar i mange av bygdene i distriktet. Dei fleste av foreiningane sovna likevel inn etter nokre år. I desse åra gjekk òg store religiøse vekkingar  over Hardanger. Lekmannsrørsla vende seg mot alt den fant syndefullt. Rusdrikkar, runddans og felespel høyrde med til dette. Lekmannsrørsla fekk godt tak i ytre Hardager, så der vart snart all heimebrygging på gardane borte. Rørsla fekk derimot mindre fotfeste i indre Hardanger. Brygginga i dette distriktet vart sterkt redusert, men det var framleis nokre som heldt den eldgamle tradisjonen ved like.

Sjur vidareførde den gamle bryggetradisjonen som har helde seg ved like gjennom mange generasjonar i desse traktene. Det var ikkje råd å kjøpe alkoholhaldige drikker i Granvin på denne tida, så skulle ein ha noko å drikka måtte ein skriva til Bergen eller laga det sjølv (Bøyum, 2014). På gardane på Nesheim var det vanleg å brygga øl. På gardane på andre side av vatnet, som dyrka frukt, laga dei sider. Eldste systera til Sjur, Anne Marie,  kan ikkje minnes at faren deira nokon gong brygga.

Det var særleg to personar som var med Sjur og brygga øl alle desse åra (Jordan, 2014). Det var Olav Kvammen, som òg er gått bort, og Arne Jordan. Arne Jordan brygga øl saman med Sjur bort i 30 år. Dei brygga øl på den tradisjonelle måten, men med ny kjerald. Som oftast brygga dei øl av 60 kilo korn. Dei hadde ein deling på 1 til 2, eit kilo korn skulle gje omlag to liter øl. Det vart altså 120 liter ferdig øl av kornet. Dei laga det som vert kalla «sams», det vil seie at alt ølet vert tappa likt. I tidligare tider var det vanleg å laga to typar øl. Dei laga det som kallas tjukkøl og tynning. Tjukkølet vart tappa av det fyrste og dei rant det seint. Dette ølet vart sterkt og tjukt og vart særleg nytta til jul og gjestebod. Tynning òg kalla spissøl tappa dei mykje fortare, dette ølet vart særleg laga til sommaren. Ølet vart mindre sterkt, dei fekk ei større mengd, og det vart ofte brukt som tyrstedrikke i slotten, gjerne utblanda med vatn.

Når dei laga sams «blei det eit rimeleg tjukt og godt øl. Ikkje av det aller tjukkaste ølet og ikkje tynning, det var sånn passeleg» (Jordan, 2014, s. 32:30) fortel Arne Jordan. Dei brukte ferdig malt av engelsk type. Tidligare då ein ikkje kunne kjøpa ferdig melta korn var ølbrygging ein mykje meir omfattande prosess. Det var eigentleg ikkje lov å laga heimebrygg i Noreg, heilt frå forbodstida og fram til den nye ølloven av 1. juli 1999, om ein ikkje hadde dyrka kornet og melta det sjølv (Bjørnstad & Haavardsholm, 2001).

Når Sjur og Arne Jordan brygga starta dei tidlege om morgonen (Jordan, 2014). Dei starta med å laga log. Store kokekjelar med vatn med litt brake i vart satt på kok, for å få litt brakesmak i det ferdige ølet. Ein lager gjerne meir enn det ein treng til brygginga, fordi brakelogen òg er god til å reinse med. Sjur var alltid oppe klokka fem for å tenne under kara. Det tok nokon timar før det koka, så det vart tid for Sjur og gå i floren og å eta frukost i mellomtida. Då det hadde starta å koke i kara, meltar ein. Kornet vart blanda med passeleg mengd av logen i kar, slik at ein skulle væra sikker på at kornet vart gjennombløytt. Blandinga vart så heldt over i rostekara. Rostekara var laga klar på førehand med brake i botnen som sil. Resten av logen vart så heldt over i rostekara for å stå og trekke nokre timar. «Då var det inn og slappe av, spela litt og preika litt og eta litt…» (Jordan, 2014, s. 38:36) fortell Arne Jordan.

Når det var ferdig trekt var det tid for å starta og renna (Jordan, 2014). Då tapper ein av det som har stått og trekt, søtstoffet er no trekt ut av kornet. Det er her ein kan velje om ein vil lage sams, tjukkøl eller tynning alt etter kor fort blandinga får renne ut av rostekaret. «Vi tok ut ein atten nitten bøtter, så vi snakkar om 180-190 liter» (Jordan, 2014, s. 39:50) fortell Jordan. No var kjelen som logen hadde vore i tom, så vørteret vart difor heldt attende i desse kara for å koka inn. Ein skulle ha vekk ein del vatten så mengda vart koka inn får omtrent 180 til 160 liter. Mjølrestane som var at i ølet flaut no opp som skum på toppen, så dei måtte stå med ein sil og skumme av. Dette tok nokre timar, så det var godt ut på ettermiddagen før dei var klare til å humle.

I tidligare tider brukte ein humle i pose (Jordan, 2014). I dag får ein tak i humle som pellets, det var det Sjur og Jordan brukte. Pelletsen løyste dei opp i ei ause med vørter. For at ølet skulle bli høveleg bittert, tok det litt tid med å smaka det til. «Sjur, han likte å humle voldsamt godt, så han vart kritisert for at han hadde i for mykje» (Jordan, 2014, s. 41:26) fortel Arne Jordan. Han hadde tildels rett i det seier han vidare, fordi at når ølet har stått ei stund forsvinn litt av humlestyrken. Mange reagerte på ølet med ein gong, «dette her var kraftig kost» (Jordan, 2014) fortel han. Dei siste åra vart dei samd om å bruka litt mindre humle.

Det ferdig humla ølet vart heldt at ende i rostekaret, som dei hadde reingjort i mellomtida (Jordan, 2014). I tidligare tider var det vanlig å ha eit eige kar til gil, men no når ein har dei lette rustfrie kara er det mulig å bruke det same karet. Sjur hadde to like kar, men det viste seg at det var like enkelt å bruke eit fortel Arne Jordan. I dag brukar dei gjerne kjøleelementet for å kjøle ølet snart ned. «Sjur var av det gamle slaget» (Jordan, 2014, s. 43:25) seier Jordan, så dei gjorde det på gamlemåten. Ølet fekk stå til dagen etter for å kjøla seg ned. Det måtte ned på 30 grader, helst under, før dei sette «kveike» i – altså gjæren.

Dei gjorde det på gamle måten (Jordan, 2014). Dei tok vare på gjæren, hadde den på norgesglas og sette dei på kjøl. Gjæren var god i mange år, men så starta den å tape seg. Då bytta dei. På dei siste bryggingane kjøpte Jordan tørrgjær for ølbrygging, «det gjekk svært bra» (Jordan, 2014, s. 44:17) fortel han. Gjæren var stort sett utgått etter 3 dagar. For å sjå om den var utgått tok dei ausa dei hadde og kløyvde skumkaka  på toppen av karet slik at dei såg ølet. Om skummet stod av seg sjølv var gjæren utgått, om det ganske fort seig saman måtte ølet stå ei stund til.

Etter dette kjem vi til det som kanskje er mest omtala i ølbrygginga, «oppskåka» (Jordan, 2014). I praksis vil det seie å ausa ølet opp. Ølet må over på noko anna, for det er mykje gurms på botnen. Særleg i gamledagar var det vanlig at vener og naboar møtte opp ved dette høve. Ølet skulle smakas på og vurderas. Så nyst tillaga øl kan ha litt ubereknelege verknader, så det kunne gå gale. «Av og til gjekk det sogàr så gale at det gjekk tomt» (Jordan, 2014, ss. Del 2, 04:02) fortel Jordan. Når ølet var tappa om, stod minst ei veke. Etter dette vart det stukke om ein gong til. Når ølet var stukke om nokre gonger var det rimeleg grumsfritt, klårt og bra. Ølet «vart gjerne ikkje heilt – vi seier skirt» (Jordan, 2014, ss. Del 2, 04:41) fortell Jordan.

Dei hadde gjerne jonsokølet ferdig tappa opp tidlig i juni, slik at det var klart til landskappleiken (Jordan, 2014). På spørsmål om dei tok med alt ølet til kappleiken svarer Jordan. «Nei då hadde vi ikkje kome heim igjen. Men vi tok med sånn at det ikkje berre var til oss, vi delte rikelig.» (Jordan, 2014, s. 29:30). Frå dei starta med brygginga til det var ferdig tappa opp hadde det då gått omlag ein månad. Det var kan hende ikkje så mykje arbeid, men nokon måtte være der og sjå til prosessen.

I 2004 starta Rongastovo på Voss opp «VM i Jolaøl». Det var då naturlig å få med Sjur, som var ein erfaren ølbryggar, som dommar (Jordan, 2014). Dei var fem dommarar i panelet, og Sjur var fast dommar frå fyrste gongen. «Det var mykje kleint øl» (Jordan, 2014, ss. Del 2, 12:24) Sjur måtte smake på, men det var endeleg mykje som var godt òg. Det var mykje liv og røre på Rongastovo og trivelig å være der, så Sjur sette pris på dommargjerninga. Sjur overnatta aldrig oppe på Rongastovo, han fekk naboen Johannes Nesheim til å køyre seg (Nesheim J. , 2014). Dei måtte opp om morgonen og gå i fjøsen, dei hadde begge buskap som dei måtte ta seg av. Då Sjur gjekk bort, vart det Arne Jordan som arva plassen som dommar i panelet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Heimabrygg og faglig fordypning heime hos Sjur. Fra venstre Emil Thoresen Småland, Einar Strand og Marius Jektvik.

 

Folkemusikk og feler

«Med meg sjølv har det ikkje vore så svære greiene. Eg har vore med på lagspel i spelemannslaget, ikkje solo. Men eg har hatt gode stunder i lag med spelemenn, og vore på kappleikar i massevis. Eg kom meg til landskappleiken dette året òg.» (Markhus, 2011)

Dette seier Sjur om sine eigne evner som spelemann og tilhøvet til kappleikmiljøet i intervjuet med Knut Markhus i 2011. Interessa for felespeling fekk Sjur då han var i konfirmasjonsalderen (Bøyum, 2014). Då kjøpte far til Sjur ei fela til han. Det var eit syskenbarn av faren, Nils Nesbø, som skulle selje ei fele og det var den faren kjøpte. Nils Nesbø spelte fele og Sjur likte svært godt å være hjå han og høyre. Han gjekk òg heim til han Johannes Kolskår for å høyre på felespel. Johannes Kolskår budde på Nesheim og var spelemann. Det var altså eit miljø rundt Sjur med interesse for felemusikk, sjølv om faren eller bestefaren aldri spelte. Han hadde ikkje mykje tid til å spela sjølv. Han hadde arbeidet sitt som snikkarlærling og arbeidet heime på garden.

Vi må tru at interessa auka endå meir i verkstaden hjå Kristoffer Kjerland (Jordan, 2014). Kristoffer Kjerland var i tillegg til å være snikkar, ein særs god spelemann. Kristoffer Kjerland hadde med seg fela si i verkstaden og det hende at det var dagar dei ikkje hadde så mykje arbeid, då vart det spelt. Sjølv om Sjur ikkje fekk ei formell opplæring høyrde han slåttane, og som Arne Jordan seier det «han hadde jo godt øyra» (Jordan, 2014, s. 08:27).

Leif Rygg som kjende Sjur allereie frå 60-tallet fortel at ein spelemannkollega av han, Kjell Midttun, var saman med Sjur i militæret (Rygg, 2014). Sjur hadde då starta å spela og han var lidenskapeleg interessert i musikken. Det var i den tida ikkje vanleg blant ungdomane å være interessert i denne musikkforma. «Me var nok litt sære me kanskje» (Rygg, 2014, s. 01:55) som var opptatt av dette, fortel Leif Rygg. Trekkspelmusikken hadde då vorte populær som dansemusikk i mange miljø. Fela hadde vore veldig einerådande som instrument i festsamanheng før krigen, men så kom trekkspelet inn etter krigen og tok over mykje for den tradisjonelle fela. I 60-åra vart rockemusikken populær i ungdomsmiljøa. Hardingfelemusikken stod seg likevel etter måten godt i miljøa i Voss og Granvin (Rygg, 2014). Det var på denne tida stor aktivitet i ungdomslaga og dei trengte felespelarane. Dei vart brukt til blant anna turdansar og det vart organisert grupper som heldt framsyningar for turistar.

Sjur var tidleg med på kappleikane (Rygg, 2014). Han utvikla seg ikkje til nokon stor spelemann, men var ein ivrig lyttar og kjennar. Han var ein trufast travar i spelemannslaget i Hardanger, og med på mykje av det som vart skipa til der. Spelemannslaget i Granvin hadde mange som var aktive og  mange som spela litt, slik som Sjur. Opp gjennom åra erverva Sjur seg stor kunnskap om slåttar, spel, spelemenn og feler, både lokalt og på landsbasis (Jordan, 2013). Før Sjur i dei siste åra byrja å få problem med høyrsla, var han mykje nytta i domsnemnder på kappleikar (Rygg, 2014). I ei domsnemnd på ein kappleik er det tre dommarar. Det som er viktig når ein sit i ei slik nemnd er å ha god kjennskap til slåttane, for å kunne vurdere spelet. «Det eg saknar i dag er folk, på linje sikkert så med Sjur, som kunne musikken» (Rygg, 2014, s. 37:04) fortel Leif Rygg, og han helt fram «som hadde kunnskap om musikken og slåttene i litt breiare format».

Sjølv eigde Sjur to gode feler (Jordan, 2014). Den eine var ei Knut Eilevsson Steintjønndalen fele frå 1897 (Jordan, 2013). Knut Eilevsson Steintjønndalen vert rekna som ein av dei fremste felemakarane i landet på slutten av 1800-talet (Aksdal, 2009). Knut Eilevssonfela følgde med garden. Morbroren Torstein Nesheim som eigde Mjølstølen fram til 1941 var ungkar, bonde og spelemann. Det var han som hadde eigd fela. Han var og god ven med storspelaren Ola Mosafinn, sjølv om det var stor aldersforskjell mellom dei. Mosafinn kom ofte til Nesheim berre for å spele på fela, for den var svært god og ny – men Trostein Nesheim passa godt på fela si, så Mosafinn fekk aldri fela med seg derifrå. Sjur tok vare på fela, i dag er den i Arne Jordan sitt eige.

Den andre var ei fele den kjende felemakaren Håvard Kvandal hadde bygd, Sjur kjøpte denne direkte frå han i 1987 (Jordan, 2014). Håvard Kvandal vart fødd i 1910. Han var spelemann og mykje brukt til å spela i bryllaup og til dans. Han er likevel mest kjend som ein god felemakar, han vant sylvmedalje på feleutstillinga på landskappleiken i 1980 (Hardanger Spelemannslag, 1998). Sjur og Håvard Kvandal var gode vener. Dei snakka samen lenge og ofte, nesten kvar søndag. Sjur bygde aldri feler sjølv, men fekk mykje kunnskap gjennom venskapen han hadde med Håvard Kvandal. Det har nok vore naturlig for Sjur å interessere seg for felebygging. Det batt saman to av dei store interessene i livet hans, snikkaryrket og musikkinteressa. Arne Jordan fortel at han sjølv starta med å byggje feler etter at Håvard Kvandal hadde vorte for gamal til at Jordan kunne spørje han (Jordan, 2014). Men fortel Arne Jordan «eg har jo fått veldig mykje av Sjur som Håvard har fortalt han, sånn at han har jo nær sagt gitt meg vidare det mesta…» (Jordan, 2014, s. 18:21)

Etter at Sjur gjekk bort arva Helga, Håvard Kvandal fela. Eine dotera til Helga er gift med barnebarnet til Håvard Kvandal, så fela enda attende der ho kom frå i Kvandal (Jordan, 2014).

 

Bibliografi

Aksdal, B. (2009). Hardingfela. Tronheim: Tapir Akademisk Forlag.

Alnæs, K. (2000). Historien om Norge – Femti rike år, Bind V. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.

Arkivverket – Digitalarkivet. (2014, Juli 4). Digitalarkivet Folketelling 1801. Hentet fra http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01058377000065

Arkivverket – Digitalarkivet. (2014, Juli 4). Digitalarkivet Folketelling 1900. Hentet fra http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/person/pf01037313000409

Arkivverket Digitalarkivet. (2014, Juni 20). Ministerialbok for Nykirken prestegjeld 1935-1946 (1308M8). Bergen, Hordaland, Norge.

Bakken, A. M. (1986). Bygdesnikkar og bonde. I A. M. Bekken, Fjordhesten (ss. 108 – 110). Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Bjørnstad, L., & Haavardsholm, E. A. (2001). Moderne hjemmebrygging – lær kunsten å brygge ditt eget øl. Steinkjer: Bjor Forlag.

Bleie, L. O. (2007). Drikkekultur og drikkeskikkar i Hardanger gjennom tidene. I L. O. Bleie, & I. L. Reinsnos, Hardanger 2007 (ss. 53-79). Utne: Hardanger Historielag.

Bremnes, P. M. (1993). Gamle ferdslevegar frå Eidfjord over Hardangervidda. Eidfjord: Eidfjord kommune.

Bruvik, H. (2014, juni 12). Sjur Nesheim – livsløpet, familien, dagliglivet, driften og mattradisjonene. (E. Oalann, Intervjuer)

Bøyum, A. M. (2014, Juni 19). Sjur Nesheim – livsløpet, familien, driften, bruket. (E. Oalann, Intervjuer)

Fossgard, E., & Notaker, H. (2007). Vossamat. Oslo: Det Norske Samlaget.

Hardanger Spelemannslag. (1998). Hardanger Spelemannslag 50 år. Odda: Hardanger Spelemannslag.

Hodne, F., & Grytten, O. H. (2002). Norsk økonomi i det tyvende århundre. Bergen: Fagbokforlaget Vigmostad & Bjørke AS.

Hotel Ullensvang. (2010). Vår historie. Lofthus: Hotel Ullensvang.

Indrelid, S. (2014). Oppdagelser på Hardangervidda. Kvinnherad: Nord 4.

Jordan, A. (2013, August 10). Ein heidersmann har gått bort: Webområde for Harding Folk. Hentet fra http://www.hardingfolk.no/ein-heidersmann-har-gaatt-bort.5274555-194653.html

Jordan, A. (2014, Juni 12). Sjur Nesheim – hest, fele og ølbrygging. (E. Oalann, Intervjuer)

Jorsett, P. (1970). Norges Skytterkonger. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.

Kvalem, H. M. (1975). Ættarbok for Granvin. Granvin: Granvin herad.

Kvalem, H. M. (1986). Bygdebok for Granvin, Bind III. Granvin: Granvin herad .

Kvalem, H. M. (1996). Husmannsplassen Strutten. I B. Sørensen, Hardanger 1996 (ss. 78-79). Utne: Hardanger Historielag.

Lovdata. (2014, Juli 9). Webområde for Forskrift om naturreservat, Granvin. Hentet fra http://lovdata.no/dokument/MV/forskrift/1995-12-15-1060

Markhus, K. (2011, Desember 29). Sjur på gamlemåten. Hordaland, ss. 16-17.

Nesheim, J. (2014, Juli 8). Sjur Nesheim – mest om gardsdrift. (E. Oalann, Intervjuer)

Nesheim, S. (2011). Intervju av snickaren Sjur Nesheim. (T. Karlsson, & R. Renmælmo, Intervjuere)

Oalann, T. (2014, Juli 28). Kva Sjur hjelpte Kultrminnevern med. (E. Oalann, Intervjuer)

Opedal, H. O. (1982). Gamle handverk i Hardanger. Bergen: Hardanger Folkeminnelag.

Rygg, L. (2014, Juli 8). Folkemusikk. (E. Oalann, Intervjuer)

Universitetet i Oslo. (2010). Webområde for Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Hentet fra http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi

Velken, M. (2014, Juni 23). Fjordhest og kløvturer. (E. Oalann, Intervjuer)

Villand, E., & Årekol, N. (2001). Steinbryne, Opphav – Produksjon – Bruk på Slåtteteig. Øystese.

Årekol, N. (1999). I gamle fotefar. I O. Hamre, Hardangerjol 1999 (s. 34). Øystese: Hordaland Ungdomslag.

Årekol, N. (2002). Hardingar på slåtteseminar. I L. J. Låte, Hardangerjol 2002 (ss. 12-13). Odda: Hordaland Ungdomslag.

[1] Mi oversetning frå svensk til norsk

[2] Rettet

[3] Lett, terrenggåande beltebil av amerikansk type som kan ta seg fram i snø og laus sand (Universitetet i Oslo, 2010).

5 kommentarer om “Kulturberaren Sjur Nesheim

  1. Artig og fint særlig å få lese om åssen det var med brygginga i Hardanger. Mange minner fra det samma. Langsetter Glåma der je vaks opp laga vi og spissøl og tynning, men det du kaller tjukkøl var no ganske anna hos øss!(skjemt øl blanda ut med tjukkmjølk, itte så vanleg no lenger)

    Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s