Trerenner etter Sjur Nesheim.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dokumentasjonsprosjekt: Hordaland fylkeskommune 2013.

Bakgrunn:

På våningshuset heime hos Sjur Nesheim i Granvin er det trerenner. Rennene som er på huset nå er om lag 25 år gamle, det var sjur som laga desse av trykkimpregnert virke, han saga dei ut på gjerdesaga.
 Bilde fra huset til Sjur.
Rennene er ein kopi av dei gamle rennene som hang på huset opphavleg, dei opphavlege rennene sto på huset sidan dette var nytt i 1887. Rennene var begynt å bli i dårleg forfatning utpå 60 talet og vart då fornya med nokre renner som faren til Sjur spikra saman av to furubord, desse vart ikkje så gamle og Sjur fornya dei med dei noverande rennene på slutten av 80åra. Når far til Sjur bytta ut dei opphavlege rennene vart den beste av dei nytta på dammhuset på garden, den henger der endå. Renna frå 1887 er no i dårleg forfatning men at det fremdeles er rester igjen etter 126 år med denne ekstreme belastninga er forbausende.
 Bilde av den gamle renna på damhuset.
Vi kan ikkje forventa å finna så haldbar furu til kvart eit prosjekt men med litt sortering burde det væra mulig å få svært varige renne av furual. Denne typen renner er og solide mot belastningar frå snø og liknande, og er ein variant som med fordel kan vurderast også på moderne bygg. Når det vart aktuelt for Sjur å laga trerenner var bordsirkelsaga kommen i bruk, men han fekk forklart av far og bestefar korleis dei gjekk fram når dei produserte slike renner utan maskiner. Vi fant ut at vi ville prøva å laga ei slik takrenne saman med Sjur.

Trerenner S N (247)

Bilde: Sjur på verkstaden til Vestnorsk kulturakademi som vi lånte for anledningen.
Ei slik takrenne kan takast ut av stokken på to ulike måtar, enten skal ein ta ut eit 1» bord midt i margen og ta ut to 3-4″ plankar på sida av dette, eller stokken kan kløyvast i fire slik at det blir kantved. Rein alved (kjerneved) av rotstokken på ei furu er nokk eit godt valg.

Trerenner S N (15)

Bilde over. Slik var emnet vårt, vi hugde av veden på margsida slik at vi fekk fjærna mest mulig av kalven (ungdomsveden).
Sjur øksar til emnet.

 

Trerenner S N (17)Trerenner S N (22)

Først høvler Sjur vekk det grøvste etter øksa med skrubboksen, deretter sletthøvler vi emnet med okshøvel på tradisjonelt vis.

Trerenner S N (29)

 Emnet er ferdighøvla på rettsida.

Trerenner S N (34)

Sjur studerer emnet og vurderer bruken av det.

Trerenner S N (37)

Han merker opp på rangsida.

Trerenner S N (41)

Stål til replomen (ploghøvelen) velges ut.
Høvelen justeres.

Trerenner S N (59)Trerenner S N (64)

Sjur høvler ned ett spor med replomen, dette er ganske vanlig framgangsmåte når man skal ut ein fals.
Replomen blir også nytta på kanten av emnet, Sjur høvler så djupt som høvelen rekker.

Trerenner S N (107)

Snart klart for øksa.
Sjur sager ut hakk med jevne mellomrom på skrå mellom notspora.
Då var det øksa sin tur.
Falsen blir grovøksa, denne framgangsmåten med replom og øks var ganske vanlig for å lage falser i snekkerarbeidet.
Siste finpussen med øksa, stilstudie av nøyaktig øksing. Dette behersket Sjur.
Arkitekten frå fylkeskommunen, Roald Landøy fekk prøva falshøvelen under oppsyn.

Trerenner S N (179)

De høvler sjølve flaten i falsen med okshøvelen.

Trerenner S N (186)

Sjur finpusser kanten med falshøvelen.
Det skal væra ein liten hulkil i hjørnet på falsen, her nytter Sjur hulkilhøvelen.
Dryppkant under renna i forkant blir merka opp og høvla med replomen.
Renna skal rundast i framkant, her blir det brukt øks og okshøvel.
Å bruke høvler var Sjur ekspert på, her er ein stilstudie.

Trerenner S N (284)

Sjur lager ein drypkant på tvers, den skal være på undersiden av enden på renna.

Trerenner S N (291)Trerenner S N (293)

Renna blir skråskåre i enden og er klar for montering.

Verktøyet.

Mer om snekkeren Sjur Nesheim klikk her.

http://www.academia.edu/9088457/Snickaren_och_handverktygen_Sjur_Nesheim_fr%C3%A5n_Hordaland_fylke_intervjuas_av_Tomas_Karlsson_och_Roald_Renm%C3%A6lmo

 

 

En kommentar om “Trerenner etter Sjur Nesheim.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s