Brakekledning etter Olav Larsson Hauge

 

DSC_3061

 Løe på Osterøy, Restaurert av Rune Revheim.

 

Innleiing.

 

Brakekledning er ein kledningstype beståande av liggande ribber (troer) og eine som er tredd i mellom troene slik at dei vert låst fast.

28.09.11 11.13

28.09.11 11.10
Gamal kledning på Osterøy, Vaksdal kommune.

 

Utbreiinga av denne kledningsforma er hovudsakleg avgrensa til  Nordhordland og områda rundt, med Osterøy og nærliggande kommunar som eit kjerneområde. Men me ser spreidde døme i område der ressurstilgong og anna har tvinga det fram. Opplysingar om slik kledning kjem til dømes frå Sunnfjord og frå garden Brandal sør for Ålesund, liknande kledning finn ein og i Sverige. Arkeologisk materiale syner liknande flettverk på bygningar tilbake til jernalderen i Noreg og elles i Europa. Brakekledningen kan soleis vera ein rest av ei alminneleg utbreidd teknisk løysing.

 

Vanleg bruksområde for kledningen er uthus med ei særleg kopling til lagring og tørking av høy. Det vart òg nytta brakekledning i våningshus, men då for det meste i samband med vedskytja, som ofte var plassert i eine enden på dei typiske lemstovene.

 

Kledningen har ein svært god funksjon i samband med tørking av høy og anna. Dette høver godt til dei klimatiske forholda der kledningen vart nytta, då Nordhordland er av dei mest nedbørsrike områda i landet, med snittnedbør på over 3000 mm pr år. Det vert sagt at dei kunne legga høyet direkte mot brakekledningen når dei fylte i ei slik løe. Om ein gjorde det same mot bordkledning, ville både kledningen og høyet rotna.

 

Brakekledning er ein svært arbeidsam kledning, og passar slik sett best i ei tid der arbeidstimar er relativt billeg i høve til frakt og innkjøp av materialar. I vår tid vert denne kledningen svært kostbar om ein leiger arbeidskraft. Om ein reknar arbeidet med å samla materialar som eit ledd i eit tiltak for rydding av kulturlandskap og beiteland, vert arbeidsmengda meir overkommeleg. Dette kan bli eit spennande og funksjonelt tilskot på eit tørkehus for ved eller anna.

 

Noko anna særmerkt med brakekledningen, er at den er svært lettanntenneleg og brenner med voldsam varme. Dette er ein viktig grunn til at denne typen kledning passar best på uthusbygningar.

 

Kledningen er rekna for å vera haldbar, men samanliknar ein den med høgkvalitets- bordkledning, vil den komma til kort. Det er vanskeleg å sei noko eksakt om varigheit, ein kan venta seg 60 –  120 år, alt etter kvalitet og plassering. Men det vanlege tidlegare var vel antakeleg eit pågåande vedlikehald for å oppretthalda kledningen sin funksjon. I siloane, og seinare traktoregga si tid, har desse bygga vorte meir og meir overflødige. Dei bygga vi har att no med brakekledning, syner i stor grad ein kledningstype som er på veg ut. Det offentlige bygningsvernet må taka eit særskilt ansvar for nettopp denne særmerkte kledningstypen, då det fell eit uforholdsmessig stort arbeid og kostnad på eigaren av desse bygga i samband med utskifting og vedlikehald. Prisar per rutemeter tilsvarar den mest kostbare taktekking. Kledningen er ofte brukt på relativt store bygningar, som i tillegg har gått ut av bruk. Grøn brakekledning er eit sjeldant syn for tida.

T&K Brake 7
Kopi av torvhus fra Arna. På Hordamuseet.

 

Brakekledningen på eldre bygg varierar ein del i utføring og materialbruk. Personlege eigenskapar, materialtilgang, bygningstype og lokale tradisjonar kan vera bakgrunn for dette. Variasjonane handlar i stor grad om avstand mellom buskane, ulik grad av virkesortering, og ulik mengde fyll i kledningen. Kva som er best og ikkje, kan vera litt uklårt og er omdiskutert. Det handlar om tilpassing til bruk og haldbarheit, vege opp mot tilgjengelege ressursar.

 

Virket.

Eina, Juniperus communis på latinsk, er utbreidd frå fjord til fjell i det meste av landet, og det er ein allsidig og mykje nytta plante.  I Hordaland vert namnet ”brake”, ”brakje”, bruka om denne planten, derav namnet brakekledning. Når ein skal kle ei heil løe der det gjerne vert behov for 25000 brakestilkar, seier det seg sjølv at ein ikkje alltid kan ha særskilt høge og spesielle krav til kvar enkelt busk. Her må ein nytta den materialen ein har best mogleg. Men nokre krav var det, og det er mogleg at ein kunne stilla større krav når ein gammal kledning skulle vølast; då vart det eit mindre omfang. På filmen ”Stavbygging og brakekledning” vert det litt spøkefullt sagt at det ikkje var godt om den var ”for tørr i dusken og for stiv i stilken”. Tradisjonsberaren Olav Hauge nemner at dei tidlegare snakka om lusabrake, dette er som han seier småbrake som gjerne veks på myrer. Denne braken har ein lang stilk som ligg under myrmosen, ein drar opp denne stilken og klipper den slik at den får god lengde og ein smidig tynn stilk. For tjukk og stiv brake skapar mykje spenn i veggen og er vond å tre, slike styrer ein helst klar. Om stilkane har mykje bar, kan dei leggast i hjørna for å fylla ut der. Nokon snakkar òg om at hogsttida kan ha betyding for haldbarheita, ein snakkar då om at den held best på nålane når den vart hoggen på midtsommaren. Dette har eg ikkje noko god dokumentasjon eller sikker tradisjon på. Brakekrokar til torvhald vart etter tradisjonen rekna for å halda best når dei vart vinterhogd, men desse skulle sjølvsagt ikkje brukast med nåler.

 

Dråpeheller.

Bilde 4:

Til brakekledningen høyrer dråpeheller, dette er store grove heller som står på kant og utgjer den neste delen av kledningen. Hellene skal ta dråpaslaget frå taket, og kledningen kjem opp frå jordråmen. Det er ikkje ein regel utan unntak med dråpeheller under kledinga, men det er vanleg dersom det ikkje er høge murar under kledningen. Sjølv oppå høge murar ser ein slike heller. Dråpehellene er ofte lokalt utekne av skifrige bergartar, dei kan vera opp i fleire tommar tjukke og meteren høg. Vi ser jamvel enkelte låge veggar med heller som rekk heilt oppunder rafta. Hellene er ofte festa med ein spesiell nagle av brake, på naglen har ein då spart ei grein eller ein krok som klemmer fast hella. Slik sparte ein arbeidet med å hogga høl i hella. Knekte ljåblad eller spiker har og vorte nytta. Det er fint med litt kraftige nagleband for hellene, slik at dei tolar naglinga godt. Det er ikkje naudsynt med veldig mykje feste for hellene, brakekledningen vil òg vera med å klemma dei fast i toppen.

 

foto: Tor Wathne - 05
Løe på Osterøy, Vaksdal kommune. vi ser dråpeheller og brakekledning.

 

 

Ribbene.

Ribbene er som oftast runde troer eller halvkløyvingar av ulike treslag. Dersom ribbene var rottjukke, vart dei rydd litt med ei lita bile i rotenden. Det vart òg nytta 1×2” lekter, men dei er skarpkanta slik at det vart vanskelegare å tre braken. Det finst òg døme på at armeringsjern har vorte nytta til ribber. I ein del tilfeller ser det ut til at ribbene har vore minimumsfaktoren, miten har svekka dei slik at dei knekk og slepp braken. Treslag som bjørk og older er svake for mit. Mogleg det er betre med ask og i alle fall osp til ribber. Lekter av furual er nærmast uangripelege for insekta, armeringsjern har sjeldan mithol. Ribbene vert montert med 6 – 8” avstand, men litt tettare ned mot dråpehellene.

T&K Brake 2
Denne løa på Lindås har armeringsjern til ribber.

 

Brakekledning høyrer heime på eit grindbygg. Ei stor grindbygd løe med brakekleding hadde oftast små langsvaler, slik at sjølve ytterveggen med kledning på var ein liten meter utafrå sjølve grindverket. Denne yste veggen var ofte av etter samanhengen små dimensjonar, slik som 4×4” . Opplengjene sto på ein syll og var festa på sida av sperra oppe. Slik kom ikkje kledningen tett på den berande konstruksjonen. Dette er ein fordel både med tanke på varigheit i konstruksjon, og i høve til at ein 12” stav lett kjem i vegen når ein skal tre braken dersom ribbene er festa direkte på den. På mindre utløer og slikt vart ribbene festa direkte på storstaven, då ser ein eksempel på at dei har nytta ei slags trekanta eller halvrund ståande lekte bakom ribbene slik at ein kjem til med å tre brake på staven. Dette er spesielt nyttig på hjørna, der det uansett er krevjande å få inn nok brake.

Torvhuset 022
Legg merke til utforingen/lekta mellom stav og ribbe.

 

Arbeidet med sjølve braken kan delast i fire ulike steg: Innhausting, oppkvisting og reinsking, treing, og tilsutt jamning og pynting inne og ute.

 

Når vi haustar brake brukar me vanlegvis greinsaks. Vi grovsorterar medan vi haustar og samlar braken i bører som vi slår tau rundt og bèr på ryggen.

 

Vanlegvis er vi fleire på slikt arbeid, vi veit at dette også var vanleg tidligare. Det er ein svær og einsformig jobb når store veggar skal kleast, då er det godt å vera fleire.

Torvhuset 087

 

Før vi kan nytta braken i veggen kvistar vi opp ein stilk på den, og kvessar han i enden slik at den vert lett å tre. Det er då praktisk å dela inn i to arbeidslag, slik at nokon trer og nokon reinskar stilkar og kvesser.

 

Kvar enkelt brakestilk vert tredd slik at den går bakom ei ribbe og framom to, den vert då ståande i spenn og vert klemt fast sidevegs, sidan treinga vert utførd så tett. Når ei flo er ferdig klipper en alle stilkane jamnt med overkanten på den øvste ribba i floa.

T&K Brake 6
Olav Larson Hauge trer brake.

 

Gamle vegger kan vera nokså ulike, men det er ei vanleg oppfatning at veggen vert mest varig om den er tett tredd. Det beste er om stilkane står tett inntil kvarandre. Det har òg vore snakka om å banka stilkane saman sidevegs med ei øks eller liknande for å gjera det skikkelig tett. Olav Hauge nyttar ikkje denne metoden, han meiner det vert tett nok om ein set stilk mot stilk når ein trer, og at kvaliteten på kledningen er mest avhengig av god brake med tynn, smidig stilk og fyldig dusk. Neste flo med brake skal trass alt treast innimellom kvar kvist i den føregåande floa.

Torvhuset 030
Her er enden på stilkene jevna og Olav har starta med å tre i ei ny flo.

 

Den første ribba kan monterast litt nærare dråpehellene enn vanleg ribbeavstand, men ikkje for tett, då vert braken ståande rett ut. Tjukkleiken på hellene spelar òg inn her, det er lurt å prøvetre litt før ein sett dette fast for godt.

T&K Brake 5

Hjørna er krevjande å få til, her må ein bruka litt tid for å få det fyldig. Bruk fyldige buskar og legg på tvers ut i hjørna, og tre braken slik at dei kjem frå annakvar side. Oppunder rafta på langveggen vert det lett litt plunder med siste floa, her ser ein døme på at dei øvste ribbene vart festa mellom sperra nesten oppunder taktroa. Det vert uansett ei rast med berre stilkar oppunder raftet, og ein ser døme på eit kledningsbord og to øvst på veggen. Oppe i gavlveggen vert det òg litt plunder på slutten, øvst i trekanten er det ofte nokre bordbetar.

Brakekledningen dovre 08 006
Grindbygg med brakekledning på Bygningshistorisk park Dovre.

 

Rune Revheim, byggmeister frå Osterøy, nyttar fyll i kledningen sin. Rune legg mykje opphakka brake oppå kvar flo før han trer i neste flo, då vil den neste floa med brake presse fyllet i saman og låse det fast. På denne måten vert veggen mykje meir kompakt. Rune Revheim stussar ofte veggen etter som han arbeider seg oppover, då får han mykje fint brakkehakk å leggja i veggen

 

Når ein vegg er tredd ferdig, pussar ein han slik at den vert slett og fin. Hekksaks fungerar godt, men tidlegare vart det nytta ljå eller sigd.

T&K Brake 8
På Hordamuseet, kledningen på torvhuset blir sletta med sigd. Harald Frode Mårstig.

 

Torvhuset 115

(flo = rad, rekke, omfar)

 

 

Synfaring, Randi A. 11.02.2011 105
Utløe på Osterøy, Vaksdal kommune.

 

Torvhuset 012
Det originale torvhuset fra tausamyrene i Arna, nå på Fanafjellet.

Litteratur: Ove Arbo Høeg Eineren i norsk natur og tradisjon.

En kommentar om “Brakekledning etter Olav Larsson Hauge

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s